Søk i denne bloggen

onsdag 25. mars 2009

Hulderhaugen

Tone og Erik følgjer etter ein hund som er skada, og kjem til eit forfalle hus i skogen. Eigaren av hunden har store problem og treng hjelp av Tone og Erik. Ho nektar dei å ta kontakt med politiet så dei må hjelpa til på eiga hand.

Mor til Tone er jordmor og vil nekta Tone å gå til Hulderhaugen. Tone blir nysgjerrig og oppdagar skumle og ekle ting som skjer der. Har fortida komme til Hulderhaugen? Med hekser, huldrer og gammal overtru? Kvifor er godseigaren så rasande?

Ei spanande bok for 12- 14-åringar. Men styr unna viss du lett blir dårleg av blod, gørr, fødslar og sjukdom.

Aud Jorunn Hakestad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar