Søk i denne bloggen

mandag 30. mars 2009

Ingen må vite av Aina Basso


Frå boka:

Mørkret rivnar. Ho dreg teppet oppunder haka. Ser han stå der. Tora skrallar over taket.

Det lyner igjen. Dei nakne låra hans lyser nedanfor skjortekanten. Regnet byrjar å hamre. Ho ser han stå der og veit ho er heilt åleine. Mor er ute igjen. Ingen som kan hjelpe henne no.


Dette er ei sterk forteljing om femten år gamle Ingeborg som vert misbrukt av stefar sin. Handlinga foregår på 1700-talet, og på denne tida var straffa for "blodskam" svært hard - også for den som vart misbrukt.


Samstundes treffer Ingeborg husmannssonen Mikkel i smug, og dei får varme følelser for kvarandre. Men kva vil Mikkel seie om den farlege løyndomen hennar vert avslørt?
.
Skrevet av Maria Røstad Flesjå, Klepp bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar