Søk i denne bloggen

onsdag 6. juni 2012

Bebe av Bente Bratlund

Ei sjølvhjelpsbok for snille jenter


Eg vart nysgjerrig då eg såg omslaget, som var ganske søtt og snilt, for så å lese bak på boka: ”Av og til gjer det faen så godt å seie i frå. Ein må berre finna styrke til å gjera det.” Det førte til ei kort og god leseoppleving.

Det er ei kvardagshistorie, men og ein oppfordring til å sjølv ta tak i problem og ikkje setja seg ned og syns synd på seg sjølve. Og det kan nokon og einkvar ta til seg, inkludert underteikna.

Bebe går på ungdomsskulen saman med Sara, bestevenninna. I klassen har nett Daniel begynt, draumeguten som alle jentene er forelska i. Tommy går og der, han er ikkje så omsverma. Heime er mor og to småbrør. Då Sara og Daniel vert velt av klassen til å reise på helgekurs saman, og ho ikkje får henga på kafeen med Daniel vert Bebe sur. Ho veit at ho ikkje burde vera misunneleg på Sara, og ho veit at mora treng å koma seg ut. Men det er vanskeleg når du har lyst til noko anna. Då er det godt å ha ei storrøykande gamal dame til nabo som ein kan snakke med, og som kan kome med råd. For det er som Fru Amdal seier: ”Snille jenter som ikkje ber om sjokolade, dei får ikkje sjokolade.”

Historia om Bebe er kort, men klok. Korte setningar gjer boka lett å lese og ei god historie gjer ho lett å like. Sjølv om det vert dramatisk er det til sjuande og sist ei glad bok. Boka viser og kor vanskeleg det er å sjå seg sjølve i andre sine auge.

Boka er en del av haustens tXt-aksjon. tXt 15. Ho er gjeven ut på Mangshou forlag og er 62 sider lang.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek.

PS! Eit visdomsord: Du treng ikkje sjølvhjelpsbøker ala “The secret”, du treng berre tru på deg sjølv..

7 kommentarer:

  1. Høres ut som en flott bok:) Den skal jeg lese:)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

      Slett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  4. Jeg ellllllsker denne boka. Den er helt sjuuuuuuuuuuuuuuuuk!!!!. Anbefales på det sterkeste!

    SvarSlett
  5. Jeg har lest denne boka 5 ganger. jeg går aldri lei. Jeg lever for denne boka. Denne boka er livet mitt, endelig er jeg ikke alene, jeg har Bebe, Daniel og Tommy!!!! Lenge leve Bebe.

    SvarSlett