Søk i denne bloggen

onsdag 13. juni 2012

Utfor av Sunniva Relling Berg

"Du blir kanskje klokare av å stille spørsmål, men du får ikkje venner av det"


Lea på 14 år kjem med mor og far til Ytsteøya, ei øy som namnet seier ligg heilt ut i havgapet. Lea fall utfor fellesskapet på skulen i byen og kjem hit for å starte på nytt.
Lea er ein nerd, smart og viljesterk, men ikkje så flink med folk. Før skulen byrjar treff ho dei andre ungdommane på øya. Jonas, eitt år yngre, som før budde i huset der Lea no bur og no bur med bestemora som er forfattar. Mads som går på vidaregåande og systera hans Mia som skal gå i klasse med Lea. Og Arne.

Lea veit ho har fått ein ny sjanse for å ikkje hamna på utsida igjen. Men det er vanskeleg. For kvifor held alltid Mads Jonas utanfor, og kvifor godtar Jonas det? Og når ho ser at Mia fell utanfor på skulen, må ho då velje mellom henne og gjengen? Lea har sjølve kjent på kroppen kor vondt det var å være åleine, og ho ønskjer ikkje at andre skal oppleve det same som seg sjølve. Men Jonas er ikkje Lea, Mia er ikkje Lea, og det som frå utsida kan sjå likt ut er ikkje det på innsida.

Nerven i boka er kva som har skjedd på øya som gjer at Jonas er utfrosen. Eg les ho i ei jafs fordi eg vart så nysgjerrig. Men det er ingen krim dette, det er inga spenningsroman der mysteriet vert løyst og dei slemme får som fortent og dei gode blir glade. Ikkje alle ting bør rotast i, og når sanninga kjem til lyset då tenkte eg at nokon ting bør ein la liggja. Som Lea sjølv tenkjer:

Nokre gonger er det berre eitt svar du kan sette to strekar under. Alt anna vil vere feil. Eg vil seie noko for å trøyste, men det var ingen ord i meg.”

Eg er nok litt som Lea, alt skal være logisk oppbygd. Fleire gonger måtte eg stogga for å lese oppatt teksten for eg forstod ikkje korleis dei var i forhold til kvarandre, kvar de var og liknande. Men då boka var utlesen kom det sigande at det var ei skikkeleg god bok. Personane var interessante, som den litt eldre Mads som både skremmar og tiltrekkar Lea og Mia som ho vil forbarma seg over, men treng ho reddast? Handlinga var god og lærerik. Les denne, du vil bli overraska. 

Forfatteren er debutant, boka vart Brageprisnominert, forfatter er debutant, vært med på Trafo.

Boka er gitt ut på Samlaget, ho er på 205 sider.Ho er med på tXt-aksjon denne hausten . tXt 15

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar