Søk i denne bloggen

tirsdag 2. april 2019

Grøss og gru: Den svartkledde jenta av A. Audhild Solberg

Gå åleine heim i mørket. Me har alle gjort det. Me har alle kjent auge stirre i ryggen, høyrt skritt bak oss, men når me tør snu oss er det ingenting der. Den redsla hugsar kroppen. Den redsla kan du oppleva på nytt, om du tør …

Hanna treff Leo i skjul. Han er vaksen med bil, ho er framleis på ungdomsskulen. Han hentar ho gjerne, men heim må ho gå sjølve. Midtvinters, det er mørkt, det er kaldt der ho går gjennom skogen, forbi den fråflytta prestegarden, mot den smale og glatte brua. Så blir ho var ein skikkelse bak seg, ei jente på hennar eigen alder kledd i svart med ei hette over andletet. Så skrik skikkelsen, eit skrik som går gjennom marg og bein. Så spring Hanna ...

Eldre menn og unge jenter har vore ein kjelde til mange vonde historier og ting som har skjedd før, skjer gjerne igjen.

Kort, lettlest og skremmande forteljing. Gru deg! 

Boka er gitt ut av Samlaget, ho er på 96 sider og finns som ebokEbokbibBoken er med i årets tXt-aksjon. https://txt.no/bokliste-for-txt-aksjonen-2019-20/

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

PS: Til no har desse titlane kome ut i serien:
    Den tolvte spelaren:
    Død eller levande
    Den andre søstera:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar