Søk i denne bloggen

fredag 30. august 2019

Dunce: Lut og kaldt vatn av Jens K. Styve

Det kom ute mange teikneseriar då eg vaks opp, og eg leste dei alle. 80-talet tilhøyrde Donald, 90-talet Tommy og Tigeren, 2000-talet las eg Nemi. No kjem det ikkje så mange nye, og eg les færre av dei som kjem. Det går no mest i seriar som eg ikkje fekk tak før no (takk Stavanger bibliotek for Linda og Valentin, eg saknar bind 7) eller eg les på nett (takk Will Smith på nettserier.no (NSFW!!)) eller les teikneseriar for den nye generasjonen som veks opp. (Takk til Amuletten osv.)

Jens K. Styve er eit namn eg kjenner att med ein strek eg har sett før, men han har aldri truffe meg før no. I Dunce er det nok gjenkjenning frå andre stripeserier til at ein byrjar å lese, og nok nytt til ein lett les vidare. Dunce beskriv ei magisk verd med både snakkande hundar og NOROvirus, med skumle ting  i mørket inkludert sjølvaste DAUDEN, men og eit hjartevarmt kvardagsliv vert skildra; hovudpersonen og sonen sine små og store problem, jobbkvardag med hipstare, straumbrot i heimen, ein hund som ikkje vil sitja og ei gutevond humle. Du gapskrattar i ny og ne, men humrar og smiler jamt over heile tida. Dunce favner vidt utan å bli tannlaust. Anbefalas!

Og det er mykje vær her. Alle likar når det handlar litt om vær.

Er dette for ungdom? For dei og, og for dei som er eldre og dei som er yngre.



Eg fekk boka av Egmont. Takk til dykk.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar