Søk i denne bloggen

fredag 29. april 2022

Sumarvariasjoner av Tone Nilsen-Bie

Om du må lese ei novelle, eller fleire, på ungdomsskulen, då les du ei av desse:

I «Blackbird» treff du Kåre som har loge på seg gitarferdighetar for å imponere Lovise (med v). No er det to dagar til skuleavslutning, og dei to skal opptre. Han kan ikkje spele gitar, kva gjer han no?

I «Med samla bein» sit «eg» mellom den trygge sida av vatnet med barnefamiliar, og staden der ungdommen hopp frå. Ho sit og ser alle dei modige gutane, alle jentene i gullbikini, då Gustav kjem. Han nye, kjekke, sjølvsikre guten. Kvifor sit han seg ned med henne?

«Å lysa etter krabbe». Seksuelle undertonar, krabbelysing og mørke, mørke løyndommer. Denne var på eine sida veldig fin om lyst og kjærleik, på den andre sida var den frykteleg mørk.

«Kompass». Levd liv møter liv lei av å leve. Det er ikkje alltid lett alt.

«Ein dag blir det haust». Å leve med sjukdom, leve med ein kjærast som venter på hausten, på kvile.    

Her er mykje kjensler, store og mørke, som hjå unge menneskjer. Ingen har det heilt greitt, og det går ikkje alltid godt. Men om du er ein av dei som ser det vakre i vemod, då er denne for deg.

5 noveller, 87 sider, boka er utgjeven av Skriveakademiet. Du finn samlinga og som e-bok i Allbok.

Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar