Søk i denne bloggen

onsdag 29. juni 2022

Tusenfryd av Lars Mæhle

Tenk deg ei gruppe ungdom. Sei seks stykkjar i same klasse på ein skule i ein liten tettstad. Dei vil være forskjellige både i utsjånad og oppførsel. Her er ein brautande, ei stille, ein er ny, ein trist, ei som viser godt igjen og ein som ser etter ein utveg. Dei er alle unge, og dei vil alle få snudd livet opp ned dette året. Når du les novellene i boka får du små glimt inn i livet til desse seks. Du les tankane deira, og lærer at det ikkje alltid er samsvar mellom utsida og innsida på et menneske.

Det byrjar veldig mørkt. Ein ung gut snik seg ut ein tidleg morgon med litlesyster på slep. Han har lova henne ein tur til Tusenfryd, ein siste tur før ho snart er borte for alltid. For litlesyster til Kaleb har kreft. Det er sterke historier dei opplev desse seks, Kaleb, Fred, Adrian, Tonje, Tobia og Kaja.

Ei bok for deg som er nysgjerrig på andre, for deg som berre kort vil sjå verda gjennom andre sine auge, for deg som tålar ein støyt. Du kan lese fyrste novella her: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/tusenfryd_issuu/2

Boka er på 128 sider. Du kan lese ho på papir eller som e-bok i Allbok. Ho er gjeve ut av Samlaget og er med i årets tXt-aksjon Løyndom.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar