Søk i denne bloggen

torsdag 21. januar 2010

Aldri tilfreds: Auroradagbøkene av Marie Desplechin

-->Jøss. Ei morosam ungdomsbok. No står verda ikkje til påske. Og omsett frå fransk til nynorsk? Galskap. Eg fatta interesse for boka etter å ha snappa opp at Nemi vart brukt for å beskrive ho. Så eg låg på sofaen i går kveld og las ei fjorten år gamal fransk jente si dagbok, og eg fniste mens eg gjorde det.  Dette har Aurora å seie om seg og sine sysken:

”GODHJARTA. Sophie er intelligent. Jessica er pen. Og eg, eg er godhjarta. Eg lurar på kven som er svarteper?”

Det er svart humor, så eg ser kvifor dei brukte Nemi som eksempel. Det blir sagt mykje dramatisk, men på ein nøktern måte. Så her er nokre eksempel, trekk du på smilebandet, lån boka. Dersom ikkje så er det fleire bøker i havet:

”- Eg er eit misfoster, sa Lola
-         Det veit eg, svarte far hennar.
-         Aurora og.
-         Eg hadde ein mistanke.
-         Du kunne jo godt fortalt meg det før…
-         Eg har jo tenkt på det, og mang ein gong, men eg fekk meg ikkje til å øydeleggje illusjonane dine”

Andre gullkorn:
”Personar som ikkje eig sjarm, er nesten tvinga til å oppføres seg tarveleg. Det er ei psykologisk lov. Sophie, eg tilgir deg, for eg synes berre synd på deg.”

” Eg burde faktisk skrive livshistoria mi. Eg kjenner massevis med folk som elskar realistiske og tragiske forteljingar. Da ville eg ende opp åleine, men rik, og det er i det minste betre enn å ende opp åleine og fattig.”

”Eg veit korfor eg er dritdårleg i matte (og historie, og fransk, og gym, til og med). Dei forklarte det nettopp på tv. Eg er overintelligent. Så enkelt”

Bjørn
Gjesdal folkebibliotek



1 kommentar:

  1. Denne syntes jeg hørtes morsom ut. Noterer meg tittelen og ser om jeg ser den på mitt lokale bibliotek.

    SvarSlett