Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten mor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mor. Vis alle innlegg

tirsdag 28. oktober 2025

Ikke visne av Lene Ask

«Billyktene lyser opp veien og lager et hull i mørket. Vi skyver mørket fra oss, pappa, Signe, farmor og jeg. Da vi kommer til hovedveien, er det gatelykter langs veien som lager små lysglimt inni bilen når vi kjører under dem. Jeg holder meg fast i dem.»

Sånn. Får du ikke lyst å lese denne etter dette utdraget vet ikke jeg.

En var, vakker bok med masse luft, mange følelser og nydelige fargeskisser. En historie om Maria i sekta på øya, Sara og de andre på skolen på fastlandet og Morten på ferja mellom de to. Om sorg og ensomhet, men også tro, håp, og kanskje kjærlighet.

Boka er på 126 sider. Den finnes som ebok og lydbok på Bookbites.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek





torsdag 23. oktober 2025

Sytten snart atten av Andrea Rudland Haave

Gjer deg ei erfaring rikare med denne boka. Destruktive forhald er livsfarlege.

Å vere midt i mellom. Mange hamnar der ein gong, eller fleire, i løpet av livet. Ein kan til dømes føle seg mykje eldre enn dei rundt seg, eller mykje yngre, det kan vere vanskeleg å finne sin plass på ein liten stad, eller føle seg fortapt i storbyen, ein kan droppe noko, men ikkje ver klar for å ta opp att noko anna. Ein er mellom noko. Som ungdom er dette særleg kjent. Dette «mellom» kan være ei kjelde til vekst, til forandring, til noko betre. Men det er og ein plass å trå feil.

Mia er mellom noko. Ho har flytta frå bygda og byrja, og slutta, på vidaregåande skule i Oslo. No jobbar ho som barnehageassistent. I jobb føler ho seg vaksen, ho glir frå bestevenninna Karla som framleis går på skule. Ho får treff på Tinder med ein kjekk fyr, litt eldre, 10 +, men særs kjekk, og vaksen. Så, plutseleg, er dei sambuarar, og Mia svever.

Men snart viser sambuaren ei anna side, ei mørkare. Og slik vert forholdet, varmt og kaldt, og etter ei spesiell ekkel episode vil ho vekk. Men det er ikkje så lett. Då kan det vere greitt å ikkje heilt gje opp venninner.

Mellom denne historia får du små drypp, frå Mia si oppvekst som ikkje var greitt og det kjem fram at ho lenge har skreve og framført dikt. Så om forholdet vert eit mareritt, finnes det og noko å drøyme om? Noko av det Mia har skreve kjem fram som små fine linjer her og der. Dei gjev luft, og med korte kapittel, er denne ganske lettlesen.

Boka er på 164 sider, ho kan og bli lest på Bookbites.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

mandag 20. oktober 2025

Keisar Augustus av Peter F. Strassegger

Dette er tredje historia frå ei lita bygd på Sør-Vestlandet (Det er Bryne). Ei bygd som slit med sine unge, både rusbruk og valdshendingar. Ei bygd som ikkje snakker om vonde ting i fortida. Men fortida kjem alltid attende.

August er ny, men namnet hans høyrer til her. Mora vaks opp før ho vert teken av utferdstrong. Men no er alle andre bruer brent, og dei to søker heim. Dei har litt av kvart med seg i bagasjen, både i koffertane og det som dei bær inni seg.

I bygda treff han fleire skakke sjeler, både ungdom og vaksne. Her er Per med sine problem frå «Kvil i fred», Aman som Alexander frå «Aleksander den store» traff då han og kom hit som ny. Og no kjem ein til ny framand ungdom med ei broket fortid til bygda. August ser på folk som spelbrikker, han veit verdien av løyndommar, og kor farlege dei er, for han bær sjølve på fleire. Det er duka for ein ny runde med rus, vald og utanforskap. Kor gale går et denne gong?

Det er lågmælt og realistisk om ganske store ting. Det blir fortalt, ikkje forklart. Det er kanskje slik, at dei som veit, dei veit. Dei som har kjend på rusen si makt eller på dei store kreftene i kroppen når makt vert brukt, dei treng kanskje ikkje ei skildring. Men eg tykkjer det blir skrint, skrint med forklaringar, med namn, med skildringar. Det er eit bart litterært landskap dette. Men temaet er høgaktuelt og godt lagt fram.

Kva seier så dei unge? På denboka.no kan ein lesa ungdommen sine eigne tanker om boktitlar, dette seier dei om denne: Keisar Augustus | Foreningen les

Du kan, men må ikkje, lese dei to fyrste bøkene, dette var mine tankar om dei:
Kvil i fred: https://ungdomsboka.blogspot.com/2023/04/kvil-i-fred-av-peter-f-strassegger.html
Aleksander den store: https://ungdomsboka.blogspot.com/2020/11/aleksander-den-store-av-peter-f.html
 
Boka er på 143 sider. I Bookbites kan du låne ho som lydbok eller ebok
 
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

torsdag 2. oktober 2025

Kanskje det var elefanter av Torill Kove

Jeg tenkte før lesing: «Hvordan i all verden kan jeg formidle denne til ungdom?»
Jeg tenkte etter lesing: «For en kul historie om mødre, utradisjonelle valg og en annerledes oppvekst»
 
Dette er en tegneserie om å vokse opp i en annen tid, et annet sted med et annet syn på verden. Det føles befriende.
 
Torill Kove forteller i denne tegneserien om oppvekst med en mor som kan alt, men vil enda mer. Om en familie som drar sammen til et ukjent land, som tar ting litt som de kommer og som godtar at alt ikke er lett, men tilpasser seg omgivelsene.Til å være en selvbiografi er det er lite «jeg» og mye «vi» her.
 
Les denne, det tar deg 20 minutter. Du vil være litt klokere, og litt roligere, når du er ferdig. Det går ofte bra til slutt.

Finnes også som film:





onsdag 14. august 2024

På én betingelse av Neda Alaei

Yousef går første år på videregående, fotolinjen. Der har han havnet på kant med læreren og han sitter for det meste med hetten på, musikk på øre og sier ingenting.

Hjemme hos mor blir tonen mer og mer anstrengt, moren maser og klager konstant. Storesøster har allerede blitt flyttet ut av barnevernet og Yousef blir påminnet hele tiden at det kan skje han også.  Han kjenner ingen der de bor nå, og han føler han mister kontakten med de gamle kompisene på Stovner.
 
Så Yousef går og irriterer seg over teit lærer, sur mor, overlegne kompiser og selv ikke fotograferingen får han til. Han håper en god fest med gamlegjengen kan få tilbake den gode stemningen, men det går galt, det går veldig galt. Hva skjer nå?
 
En høst i Yousef sitt liv, noe går galt, noe går godt, og noe går over.
Neda Alaei som skriver jobber også i barnevernet, så det føles ekte dette. Og det er så flott skrevet!
 
Les mer om Yosef, han er ikke hovedperson, men viktig, i boken: https://ungdomsboka.blogspot.com/2020/03/dette-er-ikke-oss-av-neda-alaei.html
 
Om boken var en person ville den se farligere ut enn den er.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

mandag 30. januar 2023

Vulkan av Zakiya Ajmi

Alt er nytt att for Anna. Ny plass å bu, ny skule å gå på og kanskje nye venner. Det er berre ho og mora, men mora slit såpass at det er eigentleg berre Anna. Ho hadde ein far. Han er framleis der ute, og han har rett på samvære annakvar helg. 
«Alle heldt pusten. Til og med dei små. 
Alle tenkte på ein sint mann. Alle hadde ein som ville hente dei heim. Som ville vise dei, som ville knuse dei, som ville forandre seg, som sakna dei, som framleis elska dei, som angra, som ikkje kunne forstå kvifor han ikkje kunne få ein siste sjanse. Berre ein aller siste sjanse. Som skreiv at han ville finne dei, som skreiv at han ville drepe dei, at han elska dei, at han angra, at han skulle få dei til å angre, at han ikkje forstod kva som gjekk føre seg, at han forstod alt saman no, alt han hadde gjort gale, at han var ein tosk, at han ville slutte, at han var annleis no. 
Så opna døra seg.» 

Anna hadde Thomas. 
Anna har no Chili. 

Anna vil ha Idris. 


Men alt Anna har opplevd, og det er ikkje lite, set spor. Ho omgjev seg ikkje alltid med folk som vil henne vel, og det er ikkje alltid ho handlar klokt. Ho har ein sint far, ei vill venninne og ingen veit kva Anna har opplevd før. Det er heftige dette, historia har ein god beat. Nokre gonger berre er ho her og no, er berre bevegelse og kjensle. 

«Det er nesten ein melodi. Mjuke dump, harde slag, gummisolar som tråkkar mot asfalt. Og pusten hans. Små korte, presise støytar. Ville hopp, små steg, utstrekte armar og piruettar i fritt fall. Når han går på hendene på muren. Når han står stille på tåspissane og liknar noko vinden kunne ta med seg. Så skjør. Og så sterk, når han neste sekund saksesparkar seg ned på bakken» 

Andre gonger er det meir, som historia kvifor kjem Anna og mor rett frå krisemottak. 

«Om eg ser han igjen …» sa Thomas. Det knaka i kjeven hans, og dei smale skuldrene hans stivna.  

«Om eg ser han igjen, slår eg han ned.» 

«Bra», sa eg 

«Og kastar han ut av vindauget og stikk ein kniv i dei stygge, små auga hans og vrir han rundt til blodet renn som tårer nedover kinna hans, og tar kniven ut att med auga på tuppen som oliven på ein gaffel.» 

«Hm», sa eg 

Les ei forelsking , les ei forferding, les Anna si historie og håp at ho kjem forbi fyrste kapittel. Du kan oppleve verkeleg vonde ting utan å knekke, men det gjer dei ikkje mindre vonde. Dette er ei dansk storbyhistorie frå røynda, om kjærleik. Kjærleik kan kome i så mange former, og Anna opplever mange av dei formene på få dagar. Spenninga ligg i om det kan gå godt, for det er ikkje alltid det gjer det. Denne boka var nydeleg. Unn deg ho. Denne boka var forferdeleg. Våg deg på ho. 

 

Boka er på 156 sider og er på nynorsk.  

 

Bjørn Veen 

Gjesdal folkebibliotek 

tirsdag 26. oktober 2021

Oppfinneren av Lars Henrik Eriksen

For lenge siden, på en plass langt borte, ligger øya Mata-Mata. Her lever de fleste innbyggere og skilpadder i fred og ro. Men ikke alle. Kobolt Kogg vil bli oppfinner, og hans bestefar er oppfinner, og sammen sørger de for uro og fremskritt på øya. Deres nysgjerrighet og glede over alt nytt er så stor at de glemmer av og til at det som skal gi en lettere hverdag og raskere framkomst, også kan være farlig. For med store krefter kommer også et stort ansvar. Det går galt, bestefar blir tvunget vekk fra øya etter en skjebnesvanger eksplosjon som forandrer mange sitt liv. Men Kobolt Kogg gir ikke opp sin drøm. Bli med på starten av en lang farefull ferd, bli med på «Jakten på evighetsmaskinen». 

Denne tegneserien er satt sammen av mange forskjellige deler. Fra fjerne land kommer fremmede skikker og skikkelse. Fra skjulet kommer lokale oppfinnelser og snurrige figurer. Fra skjermen kommer sterke farger og en klar strek. Men det blir ikke et Frankesteins monster dette, det blir en feiende flott tegneserie. «… studio Ghibli møter Aukrust» oppsummere strek og innhold perfekt.

Tegneserien er gitt ut av Egmont, den er på 140 sider. Denne boka fikk jeg tilsendt av forlaget. Takker og bukker. 

Flere nye norske tegneserier:

Dragens øye og Snøkattprinsen: http://ungdomsboka.blogspot.com/2021/02/snkattprinsen-av-dina-norlund-og.html

Ragnarok:http://ungdomsboka.blogspot.com/2020/12/ragnarok-1-fenrisulven-av-odin-helgheim.html

http://ungdomsboka.blogspot.com/2021/09/ragnarok-2-fimbulvinter-av-odin-helgheim.html

Arkin: http://ungdomsboka.blogspot.com/2021/04/arkin-lysets-vokter-av-hl-phoenix.html

Nordlys: http://ungdomsboka.blogspot.com/2021/04/nordlys-4-trollriket-av-malin-falch.html

 

Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek