Ida kjem tilbake frå ferie til ei bestevenninne ho ikkje kjenner igjen. Frå Brille-Pernille til Ville-Pernille. Bleika hår, korte skjørt, tøff i tryne og på fest med dei kulaste. Kva skjedde?
Ida kjenner seg pressa ut, mor har ny kjærast, far er opptatt med sitt, og no har hennar siste trygge hamn vorte ein annan. Ho nektar å miste Pernille. Dei lengder Ida går for å halde på venskap er imponerande. For Ida presser på, ho spionerer og nektar å godta at dei har «vokse frå kvarandre». Dei to som aldri skjulte noko frå kvarandre har no plutselig løyndommar. Og det er ikkje småtteri.
«Sugardads», sal av brukte truser og nudes, kva er det med kåte menn på nett? Ida kaster seg inn i ei verd ho ikkje kjenner, det vert fyrst overraskande og morosamt, men så vert tonen mørkare …
Boka er på 183 sider, utgitt på Samlaget. Leser søker bok har og hatt noko med det å gjere, det merkes, for ho glir lett denne boka. Du finn ho og på Biblio: Bibliotekene si ny løysning for e-bøker og lydbok-strøyming. Biblio: Biblio | Hjem
Gjesdal folkebibliotek


