Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten funksjonshemning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten funksjonshemning. Vis alle innlegg

tirsdag 3. mars 2026

På ein skala frå ein til ti av Ann Helene Kolås Ingebretsen

 Ja! Miriam har skada foten.
Nei. Hun har ikkje lyst å fortelje kva som skjedde. Det har ho gjort heile livet, og er lei no.

Dette er ei sår og ærleg forteljing om å leve med ein funksjonshemming. Om skam, om eit ønskje å være som alle andre, om kva funksjonshemminga gjer med deg og dei rundt deg. Om sysken, både hat og kjærleik. Om å fote deg i fylla med berre ein fot. Det er til tider morosamt, fint, men og hjarteskjærande. For du, kva seier du eigentleg til din første kjærast når foten din må amputerast?

Boka er på 158 sider, ho er gitt ut på Samlaget. Du kan og lese ho som e-bok.
Nominert til uprisen 2026: Nominerte til Uprisen – årets beste ungdomsbok 2026 - Stiftelsen Lese
 
Med i årets tXt-aksjon.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

onsdag 14. mai 2025

Størst og minst av Erlend Skjetne

Kan ei veslesyster òg vere storesyster? 


Åshild blei født spesiell, no er ho snart 18 år, men ho vil aldri klare seg sjølve. Sissel er to år yngre og har alltid hatt Åshild i livet sitt. Det har vore på godt og vondt. Det har vore flaut med ei storesøster utan språk, utan noko respekt for intimsfære og inga impulskontroll. Men Sissel og Åshild har òg saman skapt mange gode minner.

 

No er ting i ferd med å endre seg. Sissel går siste året på ungdomsskulen og Åshild har fått plass på heim. Dette er ein kvardagsforteljing om å ha nokon veldig annleis i familien sin, om familie, vener og å gjere val for framtida. Det heile er fortalt av ein litt syrleg og ganske klok tenåring. 


Eg køyrde drosje i to år i Bergen. Så eg likte aller best samtalene med Dalil, han som køyrer Sissel og Åshild til skulen. Ein klok fyr, morsom og nedpå, litt som boka.  


Ho er gjeve ut på Flamme forlag, er på 196 sider. Du kan låne ho som papirbok på bibliotek, eller som e-bok eller strøyme lydboka på Bookbites. 


Boka er med på tXt-aksjonen til hausten. 

 

Bjørn Veen 

Gjesdal folkebibliotek