Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten vold. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vold. Vis alle innlegg

torsdag 10. september 2026

Soldagen, Polarnatt, Nattsol av Sunniva Relling Berg

Ikkje alle trilogiar er Ringdrotten. Dei tre bøkene her til dømes har kanskje færre ord enn fyrste kapittel i den boka. Men av og til er få ord nok.

Det er ei historie, fortald i tre bøker, om Maja og Ilias og Nord-Norge. Den fyrste soldagen, under mørketida og under midnattssola. Dei to har heller ikkje så mange ord. Ilias for han er åleine i et framand land med litlesyster Amira. Maja, for hun er meir handling enn ord. Når det er vanskeleg å få fram det ein føler og tenkjer er det lettare å berre stikke av.

I del ein, «Soldagen», kjem Maja nordover, til tanta. Ho tykkjer der er lettast å stikke når ting går galt, og nå har det gå galt, igjen. Tante veit ikkje at ho kjem, men det går sikkert bra, eller?

Natta er alltid svartast rett før morgonen, og det blir ganske mørkt dette. Maja roter seg borti feil folk, og Ilias er allereie i trøbbel. Dette skal være den første soldagen etter en lang vinter, men kjem sola? Og går det bra?






I del to, «Polarnatt», flyktar Ilias frå flyktningmottaket med systera på ryggen. Det er iskaldt og mørkt, og han ser inga veg ut. Han treng pengar, han treng hjelp, men han kjenner ingen her.  Ei spanande natt gjev oss bakgrunnen til den fyrste boka.

I del tre, «Nattsol» er det sommar. Maja og Ilias møtes igjen, ein hyttetur går veldig galt. Det vert ein heseblesande slutt på deira historie saman.

Den seier mye denne fortellinga, sjølv om det er få ord, sjølv om det er få sider. Om kulde, om menneskjer som ikkje er heilt A4, om feil val, og moglegheita til å retta dei opp. Alle bøkene har mange flotte illustrasjonar, få, korte setningar og mykje luft. Når historia og er så spanande har du ei nynorskbok på sitt aller beste!

Samlaget ga ut desse tre titlane. «Soldagen» og «Polarnatt» fins både som ebok og lydbok på Biblio, «Nattsol» berre som ebok.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

fredag 10. april 2026

Kaoskrigeren av Annette Munch

Boka handler om 16 år gamle Tobias. Tobias står i mye vondt, fra ett stort sinneproblem og mye frustrasjon, til en svært vanskelig familie situasjon. Faren har stukket av med en ny kjæreste og etterlatt Tobias med storebroren og dama hans. Han har også etterlatt seg mye gjeld, som nå ligger på Tobias sine skuldre å ordne opp i. En kveld overfaller noen gutter Tobias og banker han opp på grunn av denne gjelden, og i jakten på hevn roter Tobias og vennene seg borti ett miljø med kriminalitet, vold og dop.


Boka viser hvordan det er å være et barn uten trygge rammer, hvor lett det er og rote seg borti dårlige miljø og vaner, og hvor vanskelig det er og komme seg ut igjen. Den følger et barn på jakt etter kontroll i en veldig usikker og ustabil situasjon.

Jeg synes denne boka er god fordi den kan relaterer til mange unge. Unge som står i vanskelige situasjoner, der de ikke føler seg sett, og der de føler at heile verden er imot de. Det er mange gode skildringa som gjør at du virkelig kan sette deg inn boka og da som skjer.

Elev i jobbuke

mandag 16. februar 2026

Skarpe kantar av Therese Garshol

Maja sit i avhøyr. Noko alvorleg har skjedd, og Maja har spela ei stor rolle i det. Kva er det eigentleg som har skjedd. Kva trur dei Maja har gjort? Og har ho gjort det?

Så kjem historia. Historia om Maja frå ei lita bygd der alle gutane spelar ishockey og jentene drøymer om å kome seg vekk, iallfall Maja. Ho driv med kunstløp, men mest for eigen del. Etter faren døydde kjennes bygda så lita, så kvelande. I vekene er det skule i helgene festing, det må være noko meir med livet?

Så kjem Adam, ein heilt annan type enn dei andre gutane. Ein som ikkje spelar hockey, men har andre interesser, litt farlege interesser. Ei gnist vert tent, og til slutt brenn heile bygda. Har Maja lekt med elden eller er ho berre eit uskuldig offer?

Om løyndomar, om kjærleik, utferdstrong, sorg og familievanskar. Om å kome skeivt ut i forsøket på ein dobbel axel, men gjere det ein kan for å lande på føtene.

Boka er på 248 sider, du finn ho og som e-bok og til strøyming på Bookbites.


Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

lørdag 3. januar 2026

Jeg er Jack av Agnar Lirhus

Les Jack sitt skjebnesvangre døgn.

Jack er en ung mann med et voldsomt sinne. Et sinne mot mobbere, mot alle som har plaget ham særlig hovedmobberen Yama. Jack sin far har også et sinne, et sinne mot en ung gutt som er på helt feil vei i livet.

Faren er politi. Jack kan bli kriminell.

Jack stod lenge alene, men nå er de tre. Ebbe, som passer ryggen hans og Mohi som filmer. Ebbe dukket plutselig opp og slåss med ham når Jack trengte det. Mohi hadde ingen, trengte beskyttelse og hang seg på. Det er de tre mot resten av verden.

Bli med Jack i ett døgn, et døgn som vil avgjøre hans fremtid. Klarer han å legge vekk ydmykelsen og hatet mot Yama og de andre mobberene. eller vil sinne svelge ham?

86 små sider med mye luft og lettlest tekst. Omnipax og Stiftelse LESE vet hva leselei ungdom trenger, og Lirhus leverer.

Jeg likte nok forrige bok litt bedre. «Hjerte hjerte hjerte» https://ungdomsboka.blogspot.com/2024/11/hjerte-hjerte-hjerte-av-agnar-lirhus.html. Korte bøker fungerer aller best med en pågående situasjon, her skjer det for mye i bakgrunnen som tar opp båndbredde. Store følelser er flott, men her balanserer det av og til på grensen til skillingsvise.
Det er kommet mange bøker om ungdom, gutter, og vold. De velger forskjellig innfallsvinkel og fortellerstil, les dem og finn din favoritt
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
 
 

fredag 28. november 2025

Forbanna ungdom av Aon Raza Naqvi

Det starter med klassetur. Noh og Behzad er ikke klar for tur i skog og mark: Ikke er de kledd for det, ikke har de lyst til det. Noh har heller ikke noen problemer med å si sin mening om turen da de kommer fram. Det tar ikke lang tid før de har mistet klassen, og mistet retning. Og der, i skauen, kledd for storbyen, litt fjerne etter en joint, der er vi i denne boka. Fortapt, utenfor, fjerne, men aldri rådville.

Møt Noh, en sint ung mann og kompisen hans Behzad i Larvik 2005. De tar ikke imot noe dritt fra noen, og da havner de selvsagt i trøbbel. Inn kommer Erlend og hans ART-kurs, et kurs i sinnemestring. Noh, Behzad, stille Lene og rare Birk Adrian skal sammen lære å mestre sinne og sinnet. Det blir masse følelser, alt skjer, ingenting skjer.

Det er så bra om ungdom som faller utenfor, alle de som loker rundt og driver med faenskap. Sammen med Noh så treffer du noen fantastiske karakterer! Det er ikke mors beste barn, det går ikke alltid godt, men de er som i virkeligheten, både greie og kjipe, dette inkluderer også Noh. Det hele fortelles uten noen pekefinger, men med mye humor. Alt er ikke morsomt, her er noen skikkelig, skikkelig gufne episoder. Og slutten, herrefred den er bra!

En bok om og med rotløs småkriminell innvandrerungdom, om utenforskap, rasisme, kriminalitet og om å ikke ta dritt fra noen. Kan veldig godt leses av miljøarbeidere og andre som daglig er i kontakt med ungdom. Denne boka har, som Noh, sjarm. Den er på 229 sider, den kan og leses på skjerm via Bookbites.

Og siden det er snart jul, her er et sitat fra boka. Vi er i en sliten bil på en parkeringsplass i desember. Noh skal levere penger for røyk han har solgt til sine medelever, snart går praten i bilen om våpen, helt til Noh utbryter:

«Altså, kan ikke dere ta te helvete med den jævla skytinga deres. Det er jul. En høytid av nestekjærleik og faen mæ Jesus og tilgivelse og greiær som det. Ikke skyting».

Og det kan vi godt ta med oss videre.


Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

PS! En smal referanse, men denne boka føles litt som Norges 2005 svar på filmen «Dazed and confused». En samling episoder og scener som sammen blir handlingen, litt som livet gjerne er, summen av småsaker, ikke en stor episk fortelling.

mandag 20. oktober 2025

Keisar Augustus av Peter F. Strassegger

Dette er tredje historia frå ei lita bygd på Sør-Vestlandet (Det er Bryne). Ei bygd som slit med sine unge, både rusbruk og valdshendingar. Ei bygd som ikkje snakker om vonde ting i fortida. Men fortida kjem alltid attende.

August er ny, men namnet hans høyrer til her. Mora vaks opp før ho vert teken av utferdstrong. Men no er alle andre bruer brent, og dei to søker heim. Dei har litt av kvart med seg i bagasjen, både i koffertane og det som dei bær inni seg.

I bygda treff han fleire skakke sjeler, både ungdom og vaksne. Her er Per med sine problem frå «Kvil i fred», Aman som Alexander frå «Aleksander den store» traff då han og kom hit som ny. Og no kjem ein til ny framand ungdom med ei broket fortid til bygda. August ser på folk som spelbrikker, han veit verdien av løyndommar, og kor farlege dei er, for han bær sjølve på fleire. Det er duka for ein ny runde med rus, vald og utanforskap. Kor gale går et denne gong?

Det er lågmælt og realistisk om ganske store ting. Det blir fortalt, ikkje forklart. Det er kanskje slik, at dei som veit, dei veit. Dei som har kjend på rusen si makt eller på dei store kreftene i kroppen når makt vert brukt, dei treng kanskje ikkje ei skildring. Men eg tykkjer det blir skrint, skrint med forklaringar, med namn, med skildringar. Det er eit bart litterært landskap dette. Men temaet er høgaktuelt og godt lagt fram.

Kva seier så dei unge? På denboka.no kan ein lesa ungdommen sine eigne tanker om boktitlar, dette seier dei om denne: Keisar Augustus | Foreningen les

Du kan, men må ikkje, lese dei to fyrste bøkene, dette var mine tankar om dei:
Kvil i fred: https://ungdomsboka.blogspot.com/2023/04/kvil-i-fred-av-peter-f-strassegger.html
Aleksander den store: https://ungdomsboka.blogspot.com/2020/11/aleksander-den-store-av-peter-f.html
 
Boka er på 143 sider. I Bookbites kan du låne ho som lydbok eller ebok
 
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

onsdag 19. april 2023

Kvil i fred av Peter F. Strassegger

Per heitte ein gut. Far hans sat heime og mor låg i grava, då guten gjorde vondt manneverk.  Vanskeleg på aude Jæren vart det for far og son.

Det er mest som teke frå dei norrøne sogene denne historia. Ikkje sjølve handlinga, den er heilt klart frå våre dagar ein eller annan stad på Jæren. Men måten soga vert fortald på, bart og aude som landskapet her i mars, kan minne om korthogde sagastil.

Per har hatt ei hard overgang til ungdomskulen. Han mista mora, faren fungerer ikkje og bestevenen er no ein av de verste mobbarane. Heime sit far. Etter mor gjekk vekk står alt stille der heime. Dei snakkar ikkje, far gjer ingenting. Så Per let alt fare, saman med en ny villbasse av ein kompis har han starta ei tradisjon, fredagssteling. Det byrja med tyggi, no går det i øl. Men når Per vert teken med ein ryggsekk med øl er det som noko lausnar, og snart rasar alt. Det er sterke krefter i eit ras, det kan for gå gale dette.

Her er godt skrevet om den fyrste rusen, det er eit spanande, men vagt, bakteppe med motorsykkelklubbar og historia visar fram alle dei som ikkje snakkar. Store kjensle, men smått med handlingar. Han skriv videre i si stil Strassegger. Temaet fenger, men eg er enda ikkje overtydd om forma gjer det. Men boka er kort, ho har lite skildring og det er aktuelle tema, så eg er spent på kva ungdommen sjølve seie. Men ho kunne hatt godt av noko humor, alvoret til tross. Sjølv de gamle sogene hadde det.
 
Førre bok er i same leie:
https://ungdomsboka.blogspot.com/2020/11/aleksander-den-store-av-peter-f.html
 
Boka er utgjeven av Samlaget, ho er på 128 sider. Du kan og strøyme ho eller lese ho som e-bok på for eksempel Allbok: allbok.no
 
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

mandag 30. januar 2023

Vulkan av Zakiya Ajmi

Alt er nytt att for Anna. Ny plass å bu, ny skule å gå på og kanskje nye venner. Det er berre ho og mora, men mora slit såpass at det er eigentleg berre Anna. Ho hadde ein far. Han er framleis der ute, og han har rett på samvære annakvar helg. 
«Alle heldt pusten. Til og med dei små. 
Alle tenkte på ein sint mann. Alle hadde ein som ville hente dei heim. Som ville vise dei, som ville knuse dei, som ville forandre seg, som sakna dei, som framleis elska dei, som angra, som ikkje kunne forstå kvifor han ikkje kunne få ein siste sjanse. Berre ein aller siste sjanse. Som skreiv at han ville finne dei, som skreiv at han ville drepe dei, at han elska dei, at han angra, at han skulle få dei til å angre, at han ikkje forstod kva som gjekk føre seg, at han forstod alt saman no, alt han hadde gjort gale, at han var ein tosk, at han ville slutte, at han var annleis no. 
Så opna døra seg.» 

Anna hadde Thomas. 
Anna har no Chili. 

Anna vil ha Idris. 


Men alt Anna har opplevd, og det er ikkje lite, set spor. Ho omgjev seg ikkje alltid med folk som vil henne vel, og det er ikkje alltid ho handlar klokt. Ho har ein sint far, ei vill venninne og ingen veit kva Anna har opplevd før. Det er heftige dette, historia har ein god beat. Nokre gonger berre er ho her og no, er berre bevegelse og kjensle. 

«Det er nesten ein melodi. Mjuke dump, harde slag, gummisolar som tråkkar mot asfalt. Og pusten hans. Små korte, presise støytar. Ville hopp, små steg, utstrekte armar og piruettar i fritt fall. Når han går på hendene på muren. Når han står stille på tåspissane og liknar noko vinden kunne ta med seg. Så skjør. Og så sterk, når han neste sekund saksesparkar seg ned på bakken» 

Andre gonger er det meir, som historia kvifor kjem Anna og mor rett frå krisemottak. 

«Om eg ser han igjen …» sa Thomas. Det knaka i kjeven hans, og dei smale skuldrene hans stivna.  

«Om eg ser han igjen, slår eg han ned.» 

«Bra», sa eg 

«Og kastar han ut av vindauget og stikk ein kniv i dei stygge, små auga hans og vrir han rundt til blodet renn som tårer nedover kinna hans, og tar kniven ut att med auga på tuppen som oliven på ein gaffel.» 

«Hm», sa eg 

Les ei forelsking , les ei forferding, les Anna si historie og håp at ho kjem forbi fyrste kapittel. Du kan oppleve verkeleg vonde ting utan å knekke, men det gjer dei ikkje mindre vonde. Dette er ei dansk storbyhistorie frå røynda, om kjærleik. Kjærleik kan kome i så mange former, og Anna opplever mange av dei formene på få dagar. Spenninga ligg i om det kan gå godt, for det er ikkje alltid det gjer det. Denne boka var nydeleg. Unn deg ho. Denne boka var forferdeleg. Våg deg på ho. 

 

Boka er på 156 sider og er på nynorsk.  

 

Bjørn Veen 

Gjesdal folkebibliotek 

onsdag 29. juni 2022

Tusenfryd av Lars Mæhle

Tenk deg ei gruppe ungdom. Sei seks stykkjar i same klasse på ein skule i ein liten tettstad. Dei vil være forskjellige både i utsjånad og oppførsel. Her er ein brautande, ei stille, ein er ny, ein trist, ei som viser godt igjen og ein som ser etter ein utveg. Dei er alle unge, og dei vil alle få snudd livet opp ned dette året. Når du les novellene i boka får du små glimt inn i livet til desse seks. Du les tankane deira, og lærer at det ikkje alltid er samsvar mellom utsida og innsida på et menneske.

Det byrjar veldig mørkt. Ein ung gut snik seg ut ein tidleg morgon med litlesyster på slep. Han har lova henne ein tur til Tusenfryd, ein siste tur før ho snart er borte for alltid. For litlesyster til Kaleb har kreft. Det er sterke historier dei opplev desse seks, Kaleb, Fred, Adrian, Tonje, Tobia og Kaja.

Ei bok for deg som er nysgjerrig på andre, for deg som berre kort vil sjå verda gjennom andre sine auge, for deg som tålar ein støyt. Du kan lese fyrste novella her: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/tusenfryd_issuu/2

Boka er på 128 sider. Du kan lese ho på papir eller som e-bok i Allbok. Ho er gjeve ut av Samlaget og er med i årets tXt-aksjon Løyndom.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
 

torsdag 2. juni 2022

Jegeren av Tor Røsseland

Mennesker i flokk. De kan bygge storverk. De kan løfte hverandre frem og opp. I idrett, i samfunn, vennegjenger og nabolag.

Mennesker i flokk. De kan stenge ute. De kan trykke ned dem som ikke ser ut som dem, gjør det samme som dem, liker det samme som dem.

Nynazister vil ha et samfunn der alle mener det samme som den som er sterkest. De skylder alt som er galt på andre og når de ikke får viljen sin så slår de. Litt som småbarn altså.

Nynazisme er utrolig nok fremdeles et problem i Norge. Etter så mye vi vet om all grusomhet gjort av nazismen, etter våre forfedre slåss mot dem for et fritt Norge, så er det fremdeles noen som tror at alt løses med en sterk leder for et folk der alle er helt like.  

Dette er en kort bok om å være på innsiden av en nynazistisk gruppe. Her er Erik som kom seg ut, Thomas som ble igjen og Albert som ble fengslet. Erik er hovedpersonen, og han blir varslet av politiet at Albert Vogt er løslatt. Nå kan han ikke lenger gjemme seg, ikke fortrenge alt som skjedde med ham, Albert og bestevennen Thomas. (Hva som skjedde kan du lese om i «Dronen»). Erik bestemmer seg for å få Thomas ut av miljøet, og går undercover i Trondhjem. Det blir meget dramatisk.

Det er en oppfølger til boken «Dronen». Jeg har ikke lest den første. Det blir jo litt spoilers da, for første boken, men jeg forstod historien uten problem. Boka er i «Skumring»-serien, som er gode, spennende og lettleste bøker for ungdom. Andre bøker i Skumringserien er:

Dronen: http://www.mangschou.no/netthandel/products/dronen-1/?searchterm=dronen

Ryktet. http://ungdomsboka.blogspot.no/2016/05/ryktet-av-ingeborg-arvola.html

Snatch: http://ungdomsboka.blogspot.no/2015/01/snatch-av-tor-arve-rssland.html

Gamer: http://ungdomsboka.blogspot.no/2011/12/gamer-av-tor-arve-rssland.html

Psyko: http://www.mangschou.no/netthandel/products/skumring-snatch-1/skumring-psyko

Respekt: http://www.mangschou.no/netthandel/products/skumring-snatch-1/skumring-respekt

Noia: http://www.mangschou.no/netthandel/products/skumring-snatch-1/skumring-noia

Rottereir: http://www.mangschou.no/netthandel/products/skumring-snatch-1/skumring-rottereir

Boka er på 151 sider og er gitt ut av Mangschou forlag. Den finnes også som e-bok på Allbok. Den er med i årets tXt-aksjon: Løyndom.


Bjørn Veen

Gjesdal folkbibliotek