Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Tromsø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tromsø. Vis alle innlegg

tirsdag 5. mai 2020

Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen

Det er mange måtar å fortelje ei historie på. Det kan være kviskring i eit hjørne. Det kan være med høge rop og store ord. Det kan være ei samtale. Og måten det blir fortalt på kjem an på kven som fortel. Nokon likar å fortelje slik at alle ser på dei, andre likar best å snakke utan publikum. Så korleis og kven som fortel set stemninga vel så mykje som kva som vert fortalt. 

Dette er ei dramatisk forteljinga, men den blir fortalt utan å lage ei stor scene, for Anna treng ikkje meir merksemd og ho vil ikkje at andre skal vite om løyndomen. 

Når historia byrjar er Anna og familien snart framme til sin nye bustad. Nytt hus, ny skule, ny start. Familien har flytta for noko skjedde med Anna på den førre ungdomsskulen ho gjekk på. Boka er historia om det. Og om kva som skjer vidare. Og det at ein ikkje kan flytte frå seg sjølve.  

Tenk på denne boken som ein sjanse å bli ein erfaring rikare utan å sjølve risikerer noko. Det er vinn-vinn det. Draumane som er med, vel, dei var vel ikkje heilt naudsynte, men dei er korte så det gjer ikkje så mykje. 

Temaet er aktuelt, det er skrevet truverdig, og du får endå til eit svar på kva som skjedde, kvifor det skjedde og ein god slutt. Det skjer ikkje alltid. 

Eg les boka på Allbok, så ho finns som e-bok. Ho er gjeven ut av Samlaget. Ho er med i leseaksjonen txt 2020: Drømmerhttps://txt.no/bokene-i-txt-2020/   


Bjørn Veen 
Gjesdal folkebibliotek 

fredag 30. august 2019

Dunce: Lut og kaldt vatn av Jens K. Styve

Det kom ute mange teikneseriar då eg vaks opp, og eg leste dei alle. 80-talet tilhøyrde Donald, 90-talet Tommy og Tigeren, 2000-talet las eg Nemi. No kjem det ikkje så mange nye, og eg les færre av dei som kjem. Det går no mest i seriar som eg ikkje fekk tak før no (takk Stavanger bibliotek for Linda og Valentin, eg saknar bind 7) eller eg les på nett (takk Will Smith på nettserier.no (NSFW!!)) eller les teikneseriar for den nye generasjonen som veks opp. (Takk til Amuletten osv.)

Jens K. Styve er eit namn eg kjenner att med ein strek eg har sett før, men han har aldri truffe meg før no. I Dunce er det nok gjenkjenning frå andre stripeserier til at ein byrjar å lese, og nok nytt til ein lett les vidare. Dunce beskriv ei magisk verd med både snakkande hundar og NOROvirus, med skumle ting  i mørket inkludert sjølvaste DAUDEN, men og eit hjartevarmt kvardagsliv vert skildra; hovudpersonen og sonen sine små og store problem, jobbkvardag med hipstare, straumbrot i heimen, ein hund som ikkje vil sitja og ei gutevond humle. Du gapskrattar i ny og ne, men humrar og smiler jamt over heile tida. Dunce favner vidt utan å bli tannlaust. Anbefalas!

Og det er mykje vær her. Alle likar når det handlar litt om vær.

Er dette for ungdom? For dei og, og for dei som er eldre og dei som er yngre.



Eg fekk boka av Egmont. Takk til dykk.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek