Når du les, vel du å invitere nokon andre inn
i hovudet ditt. Du vel vekk musikk, du vel vekk bilete, du vel vekk verda
akkurat den stunda du les. Og når du fyrst skal invitere nokon annan inn i
skallen din så er ikkje Torkildsen den verste å ha på besøk. Særleg om du har
høyrt han snakke om bøkene sine. For du går ikkje ut av eit klasserom eller ein
gymsal etter ein time med han utan å ha fått deg nokre nye tankar. Og i alle bøkene
du les av han etter å ha høyrt han, er stemma hans der, og det gjer lesinga
enda betre.
Dette er den tredje boka novellekrans-serien «Stavanger
stories». Eitt nytt år med nye episodar frå tre dei syskena, Broremann, Betty
og Duxen, sitt liv i Stavanger. Som ein smart leser kjapt forstår, og dei
fleste lesarane er smarte, har det kome ut to «Stavanger stories» frå før. Eg
har berre lese ei:
http://ungdomsboka.blogspot.com/2017/05/stavanger-stories-1-av-terje-torkildsen.html, men det gjekk greitt. Eg sakna
ikkje å ha lese bok to, eg tykkja faktisk at formelen held på å stivne. Det
vart litt for mykje av «noko forferdeleg kjem til å skje!» i byrjinga av kvar
episode, for å enda med ein liten nedtur når det lova endeleg skjedde. Orda lova
meir enn historia fortalde. Men så, heilt på slutten av boka, kjem dei, dei
finaste orda:
«Somme seier at det å leva, er å velja. Det
er ikkje usant, men det er upresist. Å leva er først og fremst å velja vekk.
Når me tek eit val, vel me samtidig vekk tusenvis av alternativ. Når me for
eksempel smiler til nokon eller strekkjer ut ei hand, så vel me samtidig å
ikkje slå, håna, spytta på, snu ryggen til, springa vekk frå, le av, kle av, dytta,
visa fingeren til, baksnakka, herma etter, fnysa av, rana, valdta eller drepa. Og
sjølv om det finst sju dødssynder, så finst det like mange gode motsvar:
Måtehald, mot, rettferd, visdom, tru, håp og kjærleik.»
Og eg ender opp med å like boka, godt. Det er
gjerne slik, at dei med litt særpreg er meir interessant enn dei heilt perfekte.
Kva så at ikkje alle historiene sit like godt? Dialogen er jo storvegs! (Særs
gjev om du får fram Torkildsen eigen stemme i hovudet) Dei du treff i historiene
baler med sitt, kjærleik, sorg og tilgjeving, som me alle gjer. Det gjer seg
uttrykk i så mykje: Laksefiske ikkje heilt etter boka, uvanleg bruk av tuba,
dildo i fanget og uheldig bruk av fyrverkeri. Så mykje kan skje på eit år, og
det gjer det her. Ikkje vel vekk denne boka, det er så mange andre du heller
kan velgje vekk.
Boka er gitt ut gjennom Kolofon, den er på 112
sider. Du finn mange av Torkildsen sine bøker på Allbok, både ebøker og
e-lydbøker, https://allbok.no/ Appen finn du i Google Play
eller Appstore. Men ikkje denne, denne må du lese på papir.
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
(Kanskje eg skal lese bok to og no som eg var
så godt i gang … Og den Dystopia-serien, med bok tre basert på Cluedo, den
høyrtes ganske spanande ut)