Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg

onsdag 14. mai 2025

Størst og minst av Erlend Skjetne

Kan ei veslesyster òg vere storesyster? 


Åshild blei født spesiell, no er ho snart 18 år, men ho vil aldri klare seg sjølve. Sissel er to år yngre og har alltid hatt Åshild i livet sitt. Det har vore på godt og vondt. Det har vore flaut med ei storesøster utan språk, utan noko respekt for intimsfære og inga impulskontroll. Men Sissel og Åshild har òg saman skapt mange gode minner.

 

No er ting i ferd med å endre seg. Sissel går siste året på ungdomsskulen og Åshild har fått plass på heim. Dette er ein kvardagsforteljing om å ha nokon veldig annleis i familien sin, om familie, vener og å gjere val for framtida. Det heile er fortalt av ein litt syrleg og ganske klok tenåring. 


Eg køyrde drosje i to år i Bergen. Så eg likte aller best samtalene med Dalil, han som køyrer Sissel og Åshild til skulen. Ein klok fyr, morsom og nedpå, litt som boka.  


Ho er gjeve ut på Flamme forlag, er på 196 sider. Du kan låne ho som papirbok på bibliotek, eller som e-bok eller strøyme lydboka på Bookbites. 


Boka er med på tXt-aksjonen til hausten. 

 

Bjørn Veen 

Gjesdal folkebibliotek 

onsdag 26. mai 2021

Svarttrasta syng om natta av Tone E. Solheim

Rar tittel? Ikkje om du likar Beatles

«Eg tenkjer på regn i pappkrus og svarttrastar som syng om nettene.»

Normal. Det er lett. Det er å vere som alle andre. Dersom mange nok gjer ein ting er det normalen. Men i Noreg er og normalen å inkludera dei som er annleis.

Forelsking. Det er lett. Det kan skje kven som helst på ein augneblink. Men sjølv om dei fleste jenter forelskar seg i gutar, går det fort an å forelska seg i ei jente.

Å vere forelska. Det er vanskelig. Då er ingen normale uansett kven som stel hjarta. Og den fyrste store forelskinga, den rommar så store kjensle at dei ikkje let seg binde.

Martha og Edith har det alt anna enn lett. Martha ber på arr på innsida og utsida. Edith har eit mørke i seg som av og til kjem ut som ein eksplosjon. Det er vanskeleg nok å hanskas med alle kjenslene når det berre er dei to. Bland inn dårlege venninner, sjalu bestevener, dødsulykker, skilsmisser og stolen hasj frå Bole-Sivert, då vert det eksplosivt!

«Var det alt du fekk ut av det eg nettopp sa?» seier fortvilt.»For viss det er det du har tenkt å fokusere på, så --.»

«Jøss!» avbryt Oskar. «Slapp av, søs! Eg må då ha lov å vera litt overraska?»

«Men det burde ikkje spele noka rolle!»

Fin bok om bygdeliv, om forelsking mellom to veldig ulike personar, og om at du ber det livet du har levd med deg, alltid. Ho kan verte lesen av deg som er skeiv, deg som kjenner nokon som er skeiv eller deg som ikkje kjenner nokon som er skeiv, enno. Eller eigentleg av alle som er nysgjerrig på kjærleik. Det er ikkje lett (For herrefred så vanskeleg Edith er av og til! Eg vert matt)

Boka er på 262 sider og er gjeven ut av Samlaget. Du kan og lese ho som e-bok på Allbok, https://allbok.no/. Ho er ei av 13 bøker til haustens tXt-aksjon: Ut av skyggene. Boka er nominert til Uprisen

Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek