
Er du tilfeldigvis i Oslo 22. og 23. mai, og elskar teikneseriar? Då kan du delta på den store teikneseriefestivalen arrangert for tredje året på rad av Deichmanske bibliotek på Grünerløkka.
Dei to føregåande åra har vore svært vellukka, og årets festival byr på fleire godbitar - som f.eks. eit nostalgisk møte med den norske teikneserien Pyton som herja på 1980-90 talet.
Gjestelisa over norske og utanlandske kjente og mindre kjente profiler er lang. Du har høve å møta desse gjennom intervju, foredrag og presentasjonar.
Det blir også utdeling av Sproingprisen, ein nasjonal pris med føremål å fremja litterær kvalitet, breidde og auka interesse for teikneseriar publisert i Noreg.
For meir informasjon, sjå http://www.oslocomicsexpo.no/2009/
Skrive av: Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek