Lagets tolvte mann er publikum, det kjenner eg frå supportersongen til
SK Brann:
Heia
Brann Heia Brann
Kom og syng med alle mann
Heia Brann
Vi e lagets tolvte mann
Våre hjerter står i Brann
Kom og syng med alle mann
Heia Brann
Vi e lagets tolvte mann
Våre hjerter står i Brann
Men den tolvte spelaren, han som ikkje er på laget lenger, han som
ingen vil seie noko om, kven er han?
Dette er ei bok som er lett å lese og vanskeleg å gløyme. Ho er ikkje
lang og sidene har korte og få setningar. Det gjer at historia fyk av garde, sjølv
for deg som ikkje har lese så mykje eller ikkje heilt får flyt på lesinga. Så
kjem slutten og du kvepp. Serien heiter ikkje “Grøss og gru” for ingenting.
100 sider skummel spenning frå Samlaget. Boka finn du og som ebok i
eBokBib. Boka er med i tXt-aksjonen 2018: Opprør.
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek