Søk i denne bloggen

torsdag 27. desember 2018

Vegandi 2: Draumsende av Asbjørn Rydland

“Draumsende” byrjar der bok ein, “Galderstjerna” slapp. Rett på. Så om det er ei stund sidan du har lese den fyrste boka, ta ein liten kikk på den. (Her er Ungdomsboka si meining: http://ungdomsboka.blogspot.com/2016/12/vegandi-1-galderstjerna-av-asbjrn.html) Eirik, Khalid og Maria slapp unna sist, men draumar heimsøkjer Eirik, han er ikkje ferdig med den verda han fann i dataspelet Reborn. Det skal visa seg han har ei større rolle i denne verda enn han hadde trudd. Dei tre drar attende, og denne gongen treff dei andre Vegandi, men desse er ikkje så venlege som Lambert var. Dei lurar på kvar Eirik fått kreftene sine frå? Om han er ein utvalt eller ein trojansk hest for ein fiende? Kva betyr møtet med dei tre nornene, norrøne skjebnegudinner, som viser at Eirik sin skjebne er meir omfattande enn nokon kunne tenkje seg. Kampen vert teken med inn i vår verd, og det tek av!

Når ei historie er delt opp i tre er del to den vanskelege. I den fyrste del vil alt verke nytt og spanande, ei verd å visa fram, nye folk å verte kjent med og ei historie å byrje på. Den siste delen knyt (forhåpentlegvis) alt saman til den store finala der du får vete korleis det går. Del to vert ei bru mellom desse, ei transportetappe som skal ta deg frå byrjing til slutt. Det er ikkje lett å få den til å stå på egne bein. Og i Rydland sin del to er det mykje snakk og lite handling. Hadde det ikkje vore for noko som dukka opp frå havdjupet under seglturen kunne denne boka fort bli sett halvveis-lest tilbake i bokhylla. Men siste tredjedelen gjer opp for dei fyrste to-tredjedelane. Eirik, Khalid og Maria kjem til slutt tilbake til vår verden. Og her skjer det ting, store ting, det tek så av! Det er slutt på å lata som, hanskane er av og den siste kampen er i gang. Khyrie-kjemping, trøbbel i Roma og avsløringa kven Reven er. Og den siste setninga. Oj oj oj!

Boka er gitt ut av Samlaget, den er på 347 sider og finnes som ebok i eBokbib.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

PS. Det er ingen regel utan unntak. “The Empire strikes back” er fantastisk, til tross for å være del to av en trilogi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar