Søk i denne bloggen

fredag 17. juli 2009

Den skjøre grensa mellom liv og død

Dette er den femte meldinga av Hvis jeg blir av Gayle Forman på ein bokbloggturne arrangert av Cappelen Damm forlag som publiserer ei ny melding av boka kvar dag fram til 18.august (-09). I går vart boka meldt på bloggen StineMa, i morgon finn du ei ny melding på bloggen Lesekaninen.


Takk til Cappelen Damm forlag for tilsendt leseeksemplar.

Tre av meldingane på bokblokkturneén blir å finna her på Ungdomsbloggen.





Hvis jeg blir er ei bok det går an å bli klok av. Ho handlar om Mia, 17 år, om familien hennar, om vennskap og om forholdet til kjærasten Adam. Tidsramma i boka spelar seg ut i løpet av eitt døgn, eit døgn som skal visa seg å bli det mest avgjerande i Mia sitt liv. Som oppbygging mot den store avgjerda reflekterer ho over livet sitt fram til nå. Spørsmålet er om ho vil meistra å velja rett når det gjeld som mest?

Eit uventa snøfall i staten Oregon (USA) får samfunnet nærast til å stoppa opp, i alle fall vert skulen stengt og lillebroren til Mia, Teddy, jublar. Faren, som er lærar, må også bli heime, så då tek like godt mora fri i same slengen. Med denne uventa fridomen og heile dagen til råde bestemmer dei seg for å vitja Henry og Willow, "et par gamle musikervenner av mamma og pappa som også fikk et barn og bestemte seg for å oppføre seg som voksne." Kjøreturen skal få katastrofale følgjer.

På sjukehuset opplever Mia ei form for ut-av-kroppen-fenomen. Ho ser seg sjølv liggjande på intensiven, ho følgjer med og høyrer korleis legar og sjukepleiarar kjempar for livet hennar og ho møter familie og venner som etterkvart samlar seg i venteromet på sjukehuset - utan at dei kan oppdaga henne som det "spøkelset" ho er forvandla til. I denne tilstanden er det at ho reflekterer over livet sitt fram til nå, kva som er viktig for henne, kva val ho har gjort (rette og galne) for si eiga utvikling som menneske. Gjennom desse refleksjonane går ho inn i ein prosess som leiar fram mot det store spørsmålet: livet eller døden? Korleis kan ho leva når dei ho elskar over alt på jorda er borte?

Temaet i boka er svært alvorleg - og evig aktuelt. Det handlar om kor lite som skal til før katastrofen er eit faktum. Ei lita feilmanøvrering i trafikken, eit uventa snøfall, å vera på feil stad til feil tid er nok til at heile tilværet slik me kjenner det kan verta endra på sekundet. Me veit det, men me tenkjer ikkje at det kan skje oss. Slik tenkte også Mia, like fullt skjedde det henne. Og lesaren blir dregen inn i situasjonen med all den smerte som ligg i å verta råka av slik ein skjebne. Men gjennom smerten trer også det motsette klarare fram: kjærleikens vesen. Og at kjærleik også handlar om å kunne gi slipp.

Som lesar vert du ubønhøyrleg gripen (kan vera lurt å ha kleenex tilgjengeleg), men likevel gjer det ikkje vondt å lesa denne boka. Språket skiftar mellom ironisk humor, inderleg varme og kloke refleksjonar. På den måten skapar forfattaren avstand og gjer det uthaldande for lesaren (og Mia) å nærma seg det mest smertefulle, mens relasjonane personane imellom er skildra med ein nærleik som varmar djupt ned i hjarterøtene. For denne boka handlare om noko så sjeldant som varme og kjærleik mellom generasjonar, mellom kulturar, mellom religionar og mellom kjønn. Det spelar inga rolle om du er punkar eller professor, urban eller bonde, religiøs eller ateist, gamal eller ung for å visa nærleik, medkjensle, respekt, lojalitet og solidaritet. Det er dette som er kjerna i teksten, og det som Mia etter kvart vert medviten: skilnaden mellom ekte kjærleik på den eine sida og høfleg eller pliktfull åtferd på den andre, og kva ein familie eigentleg er!

Mia går gjennom ei modning som gjer henne klok. Som gjer lesaren klok. Men vil ho klara den siste oppgåva, å velja livet? Det får du som lesar finne ut sjølv.

Utdrag frå boka:
"Jeg er tilbake ved utgangspunktet. Tilbake på intensiven. Kroppen min, altså. Jeg har sittet her hele tiden, altfor sliten til å røre meg. Jeg skulle ønske jeg kunne sove. Jeg skulle ønske at det fantes en eller annen form for bedøvelse for meg, eller i det minste noe som kunne få verden til å tie stille. Jeg har lyst til å være som kroppen min, stille og livløs leire i noen andres hender. Jeg har ikke krefter til å ta denne beslutningen. Jeg vil ikke ha det lenger. Jeg sier det høyt. Jeg vil ikke ha det slik. Jeg ser meg rundt på intensiven, føler meg litt latterlig. Jeg tviler på at noen av de andre ødelagte folka som er her inne, er særlig begeistret, de heller.
Kroppen min var ikke borte fra intensiven særlig lenge. Noen timer under selve operasjonen. Litt tid på oppvåkningen. Jeg vet ikke akkurat hva de har gjort med meg, og for første gang i dag bryr jeg meg ikke noe særlig. Jeg burde slippe å bry meg. Jeg burde slippe å ha det så vanskelig. Nå skjønner jeg at det er lett å dø. Å leve er vanskelig."




Skrive av: Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar