Søk i denne bloggen

fredag 27. november 2026

Førstetouch av Monica Laupsa

Himmelen er blå. Vann er vått. Alle fotballbøker inneheld kjærleik. Og denne boka er ikkje noko unntak.

Det handler om fotballdraumer og uventa kjensler. Alt Tuva har gjort til nå har dreia seg om fotball. Ho er keeper, og ho er skikkeleg god.  Til hausten vil ho inn på toppidrett, men då må ho prestera på banen og ho må prestera på skulen. Det fyste er lettare enn det siste. Det står på Tuva. Det er ho som må jobbe med skulen, det er ho som må halde buret reint. Laget har ei sjanse på cupfinalen, om dei berre hadde nokon som scora mål. Så endrar alt seg når ei ny jente kjem til bygda. Det vil sei, det vert lite ytre drama, ho passar godt inn på lag og klasse, men den nye jenta skaper mykje indre drama for Tuva. Til no har fotball vore den store kjærleiken, ho kan ikkje hugse nokre gonger ho har vore forelska. Eller kanskje, på leirskule, i 7. klasse. Men det var ei jente, det går jo ikkje an. Men dei same følelsane dukkar opp no, med Sara, den nye spissen.

Ei kvardagshistorie om norsk ungdom som finn ut av ting. Drit seg ut. Gjer storverk. Les denne om du treng ei god historie som kunne vere sann.

Boka er på 140 sider, utgjeven på Samlaget. Du finn ho som ebok og lydbok på Biblio: Biblio | Søk - Førstetouch

Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar