Søk i denne bloggen

tirsdag 13. oktober 2026

Undergang Nedsmelting bok 1 av Anders Totland

Denne haustferien har eg lese om ein annan haustferie, satt litt fram i tid, i Bergen. Ein haustferie Marco, Mille og Takashi aldri vil gløyme.

I denne verda er krig kome litt nærare, så alle i Noreg er vand med å gå i bomberom, det er øving på skulane stadig vekk. Været her er litt villare, det er litt fleire folk som er på flukt, med litt fleire sjukdommar, og dei er vanskeligare å kurere. Summen er at denne verda er mykje farlegare enn vår.

Marco, Mille og Takashi er derimot vand med denne verda, dei driv framleis på med  å lage ville videoar, dei lev livet som ungdom skal. Heime er både mor og onkel mystiske, men det har dei alltid vore, så lite nytt der.

Men så slår den fyrste raketten ned i Teheran, den fyrste atomraketten. Og fleire fylgjer, og til slutt vert Oslo råka. Verda bryt saman og dei tre må bruke alle krefter på å overleve. Dei må finne heim, finne flokken sin, og finne ein veg vekk, før neste rakett treff Bergen!

Du kan lese denne boka som underhaldning. Ho er særs spanande. Men du kan og lese den som mental beredskap. For når du les bruker du eigne erfaringar, eigne minne, heile deg i forteljinga. Så under lesinga ein eller fleire gonger spørje deg sjølve:

«Kva ville eg ha gjort, om det vart krig?». 
Det er diverre skremmande aktuelt.

Boka er på 171 sider. Ho er gjeven ut av VigmostadBjørke. Ho kan og høyras på Biblio. Frå 6.-7.-trinn og oppover.


Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar