Søk i denne bloggen

fredag 13. september 2013

Den mørke porten av Lars Mæhle

“Eg skal fortelje deg noko viktig. Vaksne ser ikkje ut som vaksne på innsida. På utsida er dei store og tankelause og veit alltid kva dei gjer. På innsida er dei ut som dei alltid har gjort. Som dei såg ut når dei var på din alder. Sanninga er, det finnes ikkje vaksne. Ikkje ein einaste, i heile, vide verda”

Dette er ei krimbok skreve for vaksne. Hovudpersonen, Ina Grieg er psykolog og mor til tvillingar. Om du som ungdom tykkjer det er interessant å få innsikt i korleis dei vaksne tenkjer, vel det veit eg ikkje, her har de iallfall sjansa.

Dei fleste som tenkjer tilbake på tidligare tider gleder seg over gode minner. Om sorglause summarar, opplevelser med vener, familieferier,  kanskje det fyrste kyss? Men for nokon er fortida er ikkje berre gode minner, ho er heller noko ein helst vil gløyme. For der gøymer seg farlege løyndommar, dødelege løyndommar.

Boka byrjar med eit drap. Ein mann vert funnet, knivstukken og fastbunden i ei kyrkje og politiet koplar kjapt saka til ein annan sak: Drapet på psykolog Kjartan Scheel, som for fem år sidan vart funnen på same viset. Denne koplinga fører Scheel si tidligare kollega og elskar Ine Grieg inn i mordetterforskinga. Ho fekk ikkje hjelpa til på Scheel sitt drap, men no får ho sjansa.

Boka går over sju dagar, og er delt inn sånn at kvar dag starter med eit mord, og så følgjer vi Ina og hennar forsøk på å koma til botnen i saka. Ei sak som har røter langt tilbake i tid. Og det vert farleg, sjølv for ein godt trena kickboksar som Ine. Heldigvis er ho ikkje åleine, med seg på laget har ho lensmannsbetjent Hege Rimbereid og den pensjonerte psykologiprofessor Trygve Winther. Lensmannsbetjenten er ei trygg klippe medan psykologiprofessoren er ein infam skikkelse som ho kun har kontakt med på nettet. Det er ei spennande veke vi følgjer Ine Grieg og hennar meir og meir desperate jakt etter mordaren, jo nærare ho kjem, jo farlegare for hennar næraste.

Som i fjorårets ungdomsbok Fuck you, I love you handlar det om vold og gruppepress. Hvor stor makt frykt kan ha, og kor langt ein omsynslaus kan få gå i dagens samfunn. Det er interessant tema, og særlig for guter (og menn) er dette noko som er tankevekkande. Tenk bare på filmar, der dei fleste konfliktane løysas med vold. Vi liker når skurken straffa og drepen. Men i røyndommen er det ikkje slik, då har kriminelle krav på ei rettferdig rettssak. Me fengslar ikkje for hemn, men med tanke på å forhindre fleire brotsverk. Når soninga er over er skal gjerningsmannen kunne komme attende til samfunnet, han har betalt for sit brotsverk. Men kan ein stola på at lovar og regler sørgjer for at rettferdigheita sigrar?

Med dette tankegodset så tykkjer eg at det er bra at hovudpersonen er kvinne, det kunne fort blitt litt for macho dette, med ein lynheavy mannleg hovudperson. I krimbøker for vaksne er sjeldan hovudpersonen ein plettfri helt, heller ikkje her. Ine slit med sine ting, å sleppe folk inn, å være glad nok i barna, å vere der for mannen. Eg likar ein hovudperson som ikkje er verdsmeister, men heller ikkje ei grå mus. Det får eg med Ine.

Krimbøker skal helst ha eit godt skrudd saman plott, ein interessant hovudperson og om den kan seie noko om samfunnet eller belysa eit aktuelt tema er det enda betre. Og alt dette tykkjer eg boka har. God krim for den som ønskjer noko anna enn ungdomsbøker.

Den mørke porten er utgjeven av Samlaget. Ho er på 357 sider og er ein del av haustens tXt-aksjon: Smak.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar