Søk i denne bloggen

torsdag 5. september 2013

Elskar, elskar ikkje

Da sa Anna at det er hadde eg kopiert frå ein novelleantologi på skolen. Eg sa at eg ikkje eingong les noveller, fordi dei er altfor korte.”
- frå novella Granhekken

Noveller. Dei vert ikkje lese mykje. Ikkje dei skrivne for barn, ungdom eller vaksne. Ein teori eg har er at dei vert for korte, når ein set av tid til å lese vil ein gjerne ha eit heilt måltid, ikkje berre en smakebit. Ein annan teori eg kom på då eg leste denne novellesamlinga er at ein kan klandra skulen. Eg tenkte med ein gong på spenningskurve, vendepunkt og språkelege verkemiddel då eg hadde lese novella. Men du treng ikkje det her, her er det berre å lese.

Novellene er augeblikksbilete frå livet til nordisk ungdom.  Her er 16 noveller frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island, samt Grønland og frå Sameland. Det handlar om kjærleik på godt og vondt. Av mine favorittar var:

“Elskar meg - elskar meg ikkje”, ei skremmande forteljing om kor ulikt to personar kan oppfatta ein situasjon, og kor gale det kan gå.
Amor i revers” der handlinga går baklengs, den byrjar med brotet og sluttar med då dei vert saman, den var tristfin.
Veninner” er ei lang samtale om to venninner som har vore på kvar sin fest og begge har  klina med draumeguten, det vert dramatisk.
Dansen i Qaanaaq”, ei glad forteljing
og Det siste brevet, ei trist forteljing
Det er elleve noveller til, kva for ei vert din favoritt?

Elskar - Elskar ikkje er utgjeven av Samlaget. Ho er på 207 sider. Novellesamlinga er ein del av haustens tXt-aksjon: Smak.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar