Søk i denne bloggen

mandag 23. mars 2009

LETTLEST GRØSS. Singh & Normann: Loftet



Gamle hus har skumle loft! "Loftet" av Singh & Normann er beviset. Den ekle, krypande kjensla av frykt som mørke og uoversiktelege loftsrom kallar fram, får me servert store porsjonar av i denne boka.

Me er i Oslo i 1905. Det nye kongeparet har nettopp flytta inn på slottet, ei mor og dei to gutane hennar har nettopp flytta inn i ein av dei nybygde bygårdane. Faren er arkeolog på reise verda rundt for å samla inn gamle gjenstander som han sender heim i kassar. Kassane blir plassert på loftet, ingen må røra dei før han kjem heim, skriv han i brev til familien. Det siste brevet er sendt frå Tibet. Sidan har ingen høyrt livsteikn frå faren.

Loftet er skummelt og mørkt. ”Lyset den [lykta] ga fra seg var matt og rakk verken inn i krokene eller oppunder taket. Det var høyt under taket, minst fem-seks meter. Mørket der oppe levde sitt eget liv. Han svelget. Det er bare skygger, sa han til seg selv, og løftet lykten enda et hakk høyere. Han forsøkte å tenke på kongen, på den praktfulle kortesjen oppover Karl Johans gate mot Slottet, og hvor fint det hadde vært. Men det hjalp ikke.”

Fortsetjinga må du lesa sjølv. Boka er lettlest og gitt ut i serien "Den svarte lesehesten". Forlaget anbefaler boka til born frå 5. til 7.klasse, men eg meiner ho absolutt kan lesast av eldre ungdomar. Er du på jakt etter den skumle, ekle og pirrande kjensla av hår som reiser seg og kuldegysingane nedetter ryggsøyla, så ja! Her er boka. Men du bør ikkje vera altfor skvetten.

Skrive av: Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar