Søk i denne bloggen

mandag 11. mai 2009

Spennande reise ut i Europa



Adrians atlas av Arne Svingen


Er du ein av dei som elskar å reise? Ønsker å oppleve nye land, nyskjerrig på menneske, finne ut av reiseruter og overnattingsplasser - samtidig som du kanskje måtte finne løysing på ei mystisk gåte?
Då kan Arne Svingen si bok Adrians atlas vera akkurat det du søker.

Adrian vaknar ein morgon og finn at familien hans - mor, far og søster Beate - er sporlaust borte. Sengene er oppredde, kjøkkenet "strigla", skulesekken til Beate står ved pc-en på romet hennar, null beskjeder til Adrian om kor dei måtte vera. Til og med nøklane til farens kontor heng på nøkkelbrettet. Ingenting er normalt i heimen til familien Vold denne morgonen. Adrian prøver å orientera seg om situasjonen, men finn ikkje forklaring på nokon ting. Til slutt kontaktar han politiet. Dei på si side koplar inn barnevernet for at Adrian skal ha ein plass å bu mens dei undersøker saka.

Men Adrian er ikkje tapt bak ei vogn. Han tek saka i eigne hender, rymer frå barnevernet og gir seg ut på ei nervepirrande reise ut i Europa på leit etter familien sin. Eitt spor har han å gå etter: politiet har funne ut at kredittkortet til faren er brukt på ein restaurant i Berlin. Dermed set Adrian seg på toget. Første stopp: Berlin.

Sjølv om historia om den forsvunne familien virker noko søkt, er reisene til Adrian svært realistisk beskrivne. Forfattar tek lesaren med ut i Europa saman med Adrian på ein slik måte at me får lyst å reisa sjølv. Og boka er til tider ganske så nervepirrande.

Lettlest, passar godt for elevar i ungdomsskulen, men kan også lesast av eldre med utfartstrang i blodet. Dette er første boka i ein trilogi.


Skrive av: Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar