Søk i denne bloggen

mandag 14. juni 2021

Bergtatt av Selma Lønning Aarø

Det er blitt gjort mykje dumt grunna kjærleik og lyst. Dette er sterke krefter som kjem nokså brått på. I gamle dagar skulda gutane på huldra og jentene på huldrekallen om dei hadde vore med nokon dei ikkje skulle vore med. Det er fleire historier om korleis huldrefolket oppstod, eg trur eg likar best denne:


«-- Andre seier at huldrefolket stammar frå Lilith,

den første kvinna som fekk barn med Adam i

Paradis. Men ho nekta å underkasta seg Adam 

og blei bortvist.

Gud skapte så Eva av Adams ribbein,

og barna Adam fekk med Lilith,

måtte leva i det skjulte»

Men dette var i gamle dagar. Me veit betre no, det fantes ikkje huldre og huldrekallar som lokka, ingen vart fortrolla, dei følgde berre lystene sine.  Eller var det så enkelt? For kriblinga i kroppen når ein møter nokon ein verkeleg likar, den er den same no som før:

«Dei kunne høyra fossen drønna ein stad der inne i mørket. Huldrefossen.

Med eitt lente ho seg mot han og kyssa han.

La leppene sine over hans.

Han drukna i alt det silkemjuke.

Når ho var så nær han, klarte han ikkje å styra seg.»

Leo flytter frå storbyen ut til bygda. Han føler seg ikkje heilt heime der, sjølv om slekta har budd der i alle år. Han finn fort ut at det er løyndommar her. Kven er den grønkledde jenta i klassen? Kva skjedde med Maria som gjekk i klassen og no er borte? Kvifor er mora redd for skogen?  Det vert spanande:

«Leo rabla over teikninga og kikka ut mot skogen.

Han verka så mørk og djup.

Nesten unaturleg. Då han var liten,

Tenkte Leo aldri på skogen som farleg.

Det var berre ein stad han klatra og fann

spikkepinnar.

No verka mørket der inne stort og skremmande.

Burde det ikkje eigentleg ha vore omvendt?

Burde han ikkje ha kjent seg trygg no som han var

eldre?»

Eg er imponert over at ei bok kan skapa så mykje med så få ord. Om du likte denne, og er klar for litt lengre bøker, prøv Hulder av Tornes:

http://ungdomsboka.blogspot.com/2013/09/kire1-hulder-av-tonje-tornes.html

Boka har Samlaget gitt ut. Ho er på 95 lettlesne sider. Du kan og lese ho som e-bok på Allbok, https://allbok.no/. Boka er ei av tretten bøker i årets tXt-aksjon: Ut av skuggene. https://txt.no/bokene-i-txt-ut-av-skyggene/

Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek


1 kommentar: