Gjer deg ei erfaring rikare med denne boka. Destruktive forhald er livsfarlege.
Å vere
midt i mellom. Mange hamnar der ein gong, eller fleire, i løpet av livet. Ein
kan til dømes føle seg mykje eldre enn dei rundt seg, eller mykje yngre, det
kan vere vanskeleg å finne sin plass på ein liten stad, eller føle seg fortapt
i storbyen, ein kan droppe noko, men ikkje ver klar for å ta opp att noko anna.
Ein er mellom noko. Som ungdom er dette særleg kjent. Dette «mellom» kan være
ei kjelde til vekst, til forandring, til noko betre. Men det er og ein plass å
trå feil.
Mia er mellom noko. Ho har flytta frå bygda og byrja, og slutta, på vidaregåande skule i Oslo. No jobbar ho som barnehageassistent. I jobb føler ho seg vaksen, ho glir frå bestevenninna Karla som framleis går på skule. Ho får treff på Tinder med ein kjekk fyr, litt eldre, 10 +, men særs kjekk, og vaksen. Så, plutseleg, er dei sambuarar, og Mia svever.
Men snart viser sambuaren ei anna side, ei mørkare. Og slik vert forholdet, varmt og kaldt, og etter ei spesiell ekkel episode vil ho vekk. Men det er ikkje så lett. Då kan det vere greitt å ikkje heilt gje opp venninner.
Mellom denne historia får du små drypp, frå Mia si oppvekst som ikkje var grei og det kjem fram at ho lenge har skreve og framført dikt. Så om forholdet vert eit mareritt, finnes det og noko å drøyme om? Noko av det Mia har skreve kjem fram som små fine linjer her og der. Dei gjev luft, og med korte kapittel, er denne ganske lettlesen.
Boka er
på 164 sider, ho kan og bli lest på Bookbites.
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
Gjesdal folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar