Maja sit i avhøyr. Noko alvorleg har skjedd,
og Maja har spela ei stor rolle i det. Kva er det eigentleg som har skjedd. Kva
trur dei Maja har gjort? Og har ho gjort det?
Så kjem historia. Historia om Maja frå ei lita bygd der alle gutane spelar ishockey og jentene drøymer om å kome seg vekk, iallfall Maja. Ho driv med kunstløp, men mest for eigen del. Etter faren døydde kjennes bygda så lita, så kvelande. I vekene er det skule i helgene festing, det må være noko meir med livet?
Så kjem Adam, ein heilt annan type enn dei andre gutane. Ein som ikkje spelar hockey, men har andre interesser, litt farlege interesser. Ei gnist vert tent, og til slutt brenn heile bygda. Har Maja lekt med elden eller er ho berre eit uskuldig offer?
Om løyndomar, om kjærleik, utferdstrong, sorg og familievanskar. Om å kome skeivt ut i forsøket på ein dobbel axel, men gjere det ein kan for å lande på føtene.
Boka er på 248 sider, du finn ho og som e-bok og til strøyming på Bookbites.
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar