Ikkje
alle trilogiar er Ringdrotten. Dei tre bøkene her til dømes har kanskje færre ord enn fyrste kapittel i den boka. Men av og til er få ord nok.
Det er
ei historie, fortald i tre bøker, om Maja og Ilias og Nord-Norge. Den fyrste
soldagen, under mørketida og under midnattssola. Dei to
har heller ikkje så mange ord. Ilias for han er åleine i et framand land med litlesyster
Amira. Maja, for hun er meir handling enn ord. Når det er vanskeleg å få fram det
ein føler og tenkjer er det lettare å berre stikke av.
I del ein,
«Soldagen», kjem Maja nordover, til tanta. Ho tykkjer der er lettast å
stikke når ting går galt, og nå har det gå galt, igjen. Tante veit ikkje at ho
kjem, men det går sikkert bra, eller?
Natta er
alltid svartast rett før morgonen, og det blir ganske mørkt dette. Maja roter
seg borti feil folk, og Ilias er allereie i trøbbel. Dette skal være den første
soldagen etter en lang vinter, men kjem sola? Og går det bra?
I del to,
«Polarnatt», flyktar Ilias frå flyktningmottaket med systera på ryggen.
Det er iskaldt og mørkt, og han ser inga veg ut. Han treng pengar, han treng
hjelp, men han kjenner ingen her. Ei spanande
natt gjev oss bakgrunnen til den fyrste boka.
I del
tre, «Nattsol» er det sommar. Maja og Ilias møtes igjen, ein hyttetur
går veldig galt. Det vert ein heseblesande slutt på deira historie saman.
Den seier mye denne fortellinga, sjølv om det er få ord, sjølv om det er få sider. Om kulde, om menneskjer som ikkje er heilt A4, om feil val, og mogligheiten til å retta dei opp. Alle bøkene har mange flotte illustrasjonar, få, korte setningar og mykje luft. Når historia og er så spanande har du ei nynorskbok på sitt aller beste!
Samlaget
ga ut desse tre titlane. «Soldagen» og «Polarnatt» fins både som ebok og lydbok på Biblio, «Nattsol» berre som ebok.
Bjørn
Veen
Gjesdal
folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar