Søk i denne bloggen

torsdag 26. november 2020

Stavanger stories 3 av Terje Torkildsen

Når du les, vel du å invitere nokon andre inn i hovudet ditt. Du vel vekk musikk, du vel vekk bilete, du vel vekk verda akkurat den stunda du les. Og når du fyrst skal invitere nokon annan inn i skallen din så er ikkje Torkildsen den verste å ha på besøk. Særleg om du har høyrt han snakke om bøkene sine. For du går ikkje ut av eit klasserom eller ein gymsal etter ein time med han utan å ha fått deg nokre nye tankar. Og i alle bøkene du les av han etter å ha høyrt han, er stemma hans der, og det gjer lesinga enda betre.

Dette er den tredje boka novellekrans-serien «Stavanger stories». Eitt nytt år med nye episodar frå tre dei syskena, Broremann, Betty og Duxen, sitt liv i Stavanger. Som ein smart leser kjapt forstår, og dei fleste lesarane er smarte, har det kome ut to «Stavanger stories» frå før. Eg har berre lese ei: http://ungdomsboka.blogspot.com/2017/05/stavanger-stories-1-av-terje-torkildsen.html, men det gjekk greitt. Eg sakna ikkje å ha lese bok to, eg tykkja faktisk at formelen held på å stivne. Det vart litt for mykje av «noko forferdeleg kjem til å skje!» i byrjinga av kvar episode, for å enda med ein liten nedtur når det lova endeleg skjedde. Orda lova meir enn historia fortalde. Men så, heilt på slutten av boka, kjem dei, dei finaste orda:

«Somme seier at det å leva, er å velja. Det er ikkje usant, men det er upresist. Å leva er først og fremst å velja vekk. Når me tek eit val, vel me samtidig vekk tusenvis av alternativ. Når me for eksempel smiler til nokon eller strekkjer ut ei hand, så vel me samtidig å ikkje slå, håna, spytta på, snu ryggen til, springa vekk frå, le av, kle av, dytta, visa fingeren til, baksnakka, herma etter, fnysa av, rana, valdta eller drepa. Og sjølv om det finst sju dødssynder, så finst det like mange gode motsvar: Måtehald, mot, rettferd, visdom, tru, håp og kjærleik

Og eg ender opp med å like boka, godt. Det er gjerne slik, at dei med litt særpreg er meir interessant enn dei heilt perfekte. Kva så at ikkje alle historiene sit like godt? Dialogen er jo storvegs! (Særs gjev om du får fram Torkildsen eigen stemme i hovudet) Dei du treff i historiene baler med sitt, kjærleik, sorg og tilgjeving, som me alle gjer. Det gjer seg uttrykk i så mykje: Laksefiske ikkje heilt etter boka, uvanleg bruk av tuba, dildo i fanget og uheldig bruk av fyrverkeri. Så mykje kan skje på eit år, og det gjer det her. Ikkje vel vekk denne boka, det er så mange andre du heller kan velgje vekk.

Boka er gitt ut gjennom Kolofon, den er på 112 sider. Du finn mange av Torkildsen sine bøker på Allbok, både ebøker og e-lydbøker, https://allbok.no/ Appen finn du i Google Play eller Appstore. Men ikkje denne, denne må du lese på papir.

Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek

(Kanskje eg skal lese bok to og no som eg var så godt i gang … Og den Dystopia-serien, med bok tre basert på Cluedo, den høyrtes ganske spanande ut)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar