Søk i denne bloggen

fredag 3. august 2018

1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk

Johanna og Georg har vore vener heile livet, naboar som dei er. Men no er det snart ungdomsskule, og der gjeld det andre reglar enn på barneskulen. Korleis ein oppfører seg, kva som er kult å seie, og kva ein ikkje seier. Johanne veit dei finnes, men ho har ikkje lært dei seg heilt enda. Johannes har ikkje peiling og bryr seg heller ikkje. Det visar han når han fortel høgt i klassen første dag på skulen om KATTEKNULLING. Det vert krise, dei kule fniser og kjem med pinlege spørsmål om venskapen til Johanna og Georg. Her må ho handle fort for å ikkje komme skeivt ut på ungdomstrinnet. Det må bli ei pause i venskapen, ein pause til ungdomskulen er ferdig, om lag 1000 dagar frå no.

Men kva gjer ho no? Georg forsvinn jo ikkje, han går jo i klassen hennar, men no snakkar dei plutselig ikkje saman lenger. Kven kan ta Georg sin plass? Sarah med h, den nye, kule jenta? Og korleis oppfører ein seg på ungdomsskulen? Sara og Synne kan det tydeligvis der dei spradar rundt på skuleplassen som dei eig han. Johanne står på sidelinja utan ein venn og innser at 1000 dagar kan bli lenge. Då er det lett å finna på nokon for å verke interessant når dei andre snakkar om kjærastar. Men løgner ballar fort på seg. Ungdomskulen er jammen ikkje for amatørar!

Morosamt og truverdig om å byrje på ungdomsskulen. Dei som skal byrje i 8. kjennar på dette nett no, 9. trinn har ein fot i både leirane og dei i 10. har roen,  Dei som er ferdige med ungdomsskule nikkar gjenkjennande: Verda endrar seg, men ungdomstida er enda lik seg.

202 sider morosam kvardagsdramatikk frå Aschehoug. Boka finn du og som ebok i eBokBib. Boka er med i tXt-aksjonen 2018: Opprør.

Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar