Søk i denne bloggen

torsdag 25. april 2019

Isla Bonita av Terje Torkildsen

Dette kunne ha skjedd kven som helst, det kunne vært deg.

Carlo er 16 og er på sommarferie på “Isla Bonita” med mor sin. Mora er biletkunstnar, faren veit ikkje Carlos kven er. Men han får snart vite det, mora er ei ærleg sjel etter nokre glas vin. Carlo får heldigvis tid for seg sjølve, og då dett han over fleire ting. Ei nydeleg, naken jenta som gjer yoga. Ein naken tyskar som ligg med kikkert ved nudiststranda. Ei vaksen flott dame som alltid joggar den same ruta. Ein spansk bar, The Champion, med ein tidligare surfar som eiger. Ein illsint danske. Isla Bonita har mange løyndommar, det vert fort farleg der for ein fyr som dett over ting.

“Carlo tek ein selfie med ølflaska og sender ein snap til eit par gode kompisar heime. Dette vil nok få dei opp av sofaen. Kva er det streite Carlo driv på med der nede på Kanariøyane? Sit han og pimpar øl midt på lyse dagen? Kvifor har han eit stort skrubbsår i panna? Dette kan få dei til å tru at han faktisk er på ein kul sydenferie.”

Ein sommarferie går galt. Men det er aldri så galt det ikkje er godt for noko. Det er lett å kjenne seg igjen i Carlos, og handlinga er truverdig til tross for så mykje som skjer her. Dette er ei god historie for deg som har byrja å kika på jentene og slutta å høyre på foreldra. Lite daudtid, masse handling. Må du lese ei nynorsk bok i år, så kan du lese denne, då vert det garantert ikkje den siste boka du les.

Boken er gitt ut av Samlaget. Den er på 192 sider. Du kan lese den som ebok i eBokBib

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

PS: Tittelen er og ein 80-talsslager. Om eg skal ha sangen svirrande rundt i hovudet kvar gong eg høyrer tittelen skal du det og: https://www.youtube.com/watch?v=zpzdgmqIHOQ

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar