Søk i denne bloggen

søndag 3. mai 2009

Gutten i den stripete pyjamasen



Gutten i den stripete pyjamasen
John Boyne

Om du ikkje allereie har lese ”Gutten i den stripete pyjamasen”, bør du ta med deg lånekortet og ila til næraste bibliotek.
Boka har fått mykje omtale, ikkje minst på grunn av filmatiseringa no nyleg, men det fortener ho.

Handlinga er lagt til Tyskland under 2. verdskrig. Me følgjer familien til kommandant Hoss frå bustaden deira i ein tysk by til eit heilt annleis tilvære nær ein konsentrasjonsleir. Boka sin hovudperson Bruno, ein 9 år gammal gut, treff ein anna gut på denne nye plassen. Problemet, ei ganske stor hake, er at guten er på ”feil” side av gjerdet. Han er ein av fangane i konsentrasjonsleiren. Trass i den fysiske avsperringa mellom dei, klarer dei å opprette eit fortruleg venskapsband.

Boka har ei sterk historie å fortelje. Eit umogleg vennskap mellom to uskuldige 9-åringar er eit plott som burde vera nok. Men forfattaren gjer eit grep som forsterkar historia sitt poeng. Det er ikkje ein vaksen forteljarstemme som tek oss gjennom historia, men det er desse 9-åringane. Dei er uskuldige i kva dei vaksne gjer, og forstår ikkje alt det som skjer, eller dei forstår det på sin eigen måte. Ein treng ikkje ha mykje kunnskap om 2. verdskrig for å lese boka, men eg trur det er ein fordel at ein veit litt. På den måten får du større utbytte av den naive (les barnlege) innfallsvinkelen til hovudpersonen.

Trass i boka sitt alvorlege tema, har Boyne klart å få inn eit par humoristiske poeng. Som når hovudpersonen ikkje skjønar kven denne ”røvaren” er som dei vaksne er så opptekne av.

Litt humor, mykje alvor og ein uventa slutt. Kan det verta betre?

Ingunn Nord-Varhaug

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar