Bernhard Beckett: Genesis
Boka vart i går meldt i Cappelens bloggturne av Marianne leser, i morgon kan du lesa Aud Jorunn sin vurdering av boka.
Me er i slutten av det 21.hundreåret, og ungjenta Anaximander står framføre sitt livs eksamen: ei fem timars lang utspørjing om det sjølvvalde emnet: livet til legenden Adam, som levde mellom 2058-2077. Målet med eksamenen er å bli tatt opp i Akademiet.
Handlinga går føre seg i ei verd som er broten saman av krig og sjukdom og kor Staten held innbyggjarane i knallharde taumar med frykta som våpen. Samfunnet er oppdelt i strenge kategoriar menneske med Filosofane som det høgste nivået. Målet er på sikt å utvikla maskinar som kan respondera intellektuelt på menneske.
Gjennom presentasjonen av oppgåva om legenden Adam opplever Anax at ho meir og meir speglar seg i han. Noko som kan vera farleg, for Adam har blitt legendarisk pga at han handla på tvers av Staten sine lover.
Romanen har klare – kanskje litt overtydelege – referanser til den greske filosofen Platons ”Staten” og klassisk filosofi generelt. Å byggja Staten på frykt, rein logikk og organisert orden kan visa seg å føra til det motsette, nemlig kaos. For "det menneskelege aspektet" kan ikkje tøylast i det uendelege.
I analysen av Adam går Anaximander på tvers av det lærarane meiner er rett, ho presenterer oppgåva nettopp ved å analysere kaoset som oppstod rundt Adam mens han levde. Eller som ho uttrykker seg i ”prosedyren” sin: ”Mange lærde har klaget over vår hang til å betrakte historien kun gjennom konflikter, men jeg er ikke sikker på om de har rett. Det er i konfliktsituasjoner våre verdier kommer for en dag. Til tross for Adams gode oppførsel, er det noe som har gnaget ham, og det er bare nå når ubehaget hans tvinger seg fram at vi er i stand til å se det. […] Det er historikerens plikt å ikke skygge unna slike begivenheter, men å se på dem med nye øyne.” (s 79)
For Eksaminatorane er slike tankar farlege.
Men er dette ei ungdomsbok? Tja… det handlar om ungjenta Anax, og sci-fi er ein sjanger som mange unge liker. Men eg meiner boka kan (og bør!) lesast av alle som er opptatt av samfunnsspørsmål. Ved å leggja handlinga fram i tid, får me eit tilbakeblikk på vår eiga tid som kan utløysa nye refleksjonar.
Teksten er avansert med mange vanskelege ord, og som sagt med tydelege referanser til klassisk filosofi. Innhaldet er spennande og gir i tillegg ei glimrande innføring i oppbygging av argumentasjonsrekker i ein dialogsitusajon. Utfordrande og lærerik.
I det heile: ei uhyre velskriven, intelligent og tankevekkjande bok som set krav til ein reflektert lesar - uansett alder.
Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar