Så vaknar han på ein heilt ny plass med nye klede.
Han har fått ein ny sjanse, og det i dei hemmelege tenestene. MI5 sin
barneavdeling, CHERUB. CHERUB-agenter er mellom ti og sytten år gamle. Dei vart
oppretta då ein såg at barn og unge kan infiltrere stader der vaksne ikkje
ville kome seg inn.
Unge guter og jenter som vert hemmelige agentar er
vel ikkje heilt nytt. Frå før har ein både Alex Rider og den unge James Bond.
Men dette er som den siste rebooten av James Bond, her er ikkje søkjelyset på
alle dingsane og pene menn og kvinner. Her er historia om ein vanleg gut som
vert gjeven ein heilt unik sjanse og hans kamp for å klare det. For det er ein
kamp. Sjølv på oppdrag, eit oppdrag som om det mislukkas, vil ha verdsomspennande
konsekvensar, er det truverdig. James gjer den jobben han vert sett til utan
rakettpakker eller sko med telefoner. Her er ikkje alle skurkar vonde og alle
agentar gode, i James si verd er alle ein skugge grå.
Teikningane kler historia. Litt røffe og kantete.
Dei står ikkje ut som kunstverk men fortel saman med teksten historia
effektivt. Dette er ikkje for dei yngste, men for deg som veit at teikneseriar
er meir enn Donald og Pondus og er lei av søte manga-ansikt.
Eg fekk aldri lese originalen som var med i txt-aksjonen
i 2009. Robert Muchamore har kome ut med sju bøker til nå på norsk, på
originalspråket engelsk er serien avslutta, til saman tolv bøker.. Ho er
tilrettelagd for teikneserie av Ian Edginton. Ho er teikna av John Aggs. Til nå
er berre Rekrutten gitt ut som teikneserie.
Samlaget gav denne ut. Den er skreve på nynorsk og
er ein del av haustens tXt-aksjon: Smak. Om du ynskjer meir informasjon om
CHERUB, sjå http://www.cherubcampus.com/index.html
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar