Søk i denne bloggen

tirsdag 15. januar 2019

Den andre søstera av Laura Djupvik

Når det er mørkt, er du reddast å være åleine inne i eit hus eller åleine ute? Hus har, som folk, ei historie på godt og på vondt.

Det heile byrjar som gode skrekkhistorier skal byrje, med ei reise. Vi følgjer systrene Selma og Ida som saman med mor er på veg til sitt nye hus og sitt nye liv. Vel framme går dei inn for fyrste gong i eit litt forfalle hus, dei vel sine rom, ler av gamle ting som er der inne og ser for seg kor fint det skal verte. Men då natta kjem kjenner ikkje Selma seg trygg lenger. Selma er nemleg var for ting, ho ser meir enn andre. Og i dette huset er det noko eller nokon ukjente. Så når Ida forsvinn ut på kveldane med ein ukjent gut, og mora kjem seint heim frå jobb, då flyktar Selma frå dei tunge skritta ho høyrer i huset, og ut i hagen. Ho finn eit tre og i det betraktar ho huset og den mørke dalen nedanfor. Det er som huset forandrar seg mens ho sit der, som om ho ser tilbake til fortida. Og opp frå den mørke dalen kjem Anna. Ho vil åtvare Selma, “det er farlig å være så pen”, og Anna vil ha med Selma ned i den mørke dalen. Kva skjedde eigentlig her? Og er det eigentlig eit nytt hus for mor? For når dei speler den gamle LP-plata dei finn så ser ho så trist ut ...

If you’re lost and you look
and you will find me,
time after time

Denne grøssaren er ikkje så mykje ein som PLUTSELIG skremmer deg. Den er meir snikande, som kulda. Du anar fred og ingen fare, så sit du der, ristande av frost. Eller frykt.

Dette er tredje bok i serien “Grøss og gru”, same som “Den tolvte spelaren”. Ho er på 112 sider og er gitt ut av Samlaget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar