Søk i denne bloggen

torsdag 9. mai 2019

Smadra av Brynjulf Jung Tjønn

Ho slår.
Først ein gong.
Så ein gong til.
Eg dreg handbaken over munnen.
Eg klarer ikkje skilje kva som er tårer,
og kva som er blod.
Ho plar slutte no.
Når eg græt, skjønar ho at det er nok.
Eg ser på henne.
Dei mørke auga.
Snart vil ho snu seg og gå.
La meg vere i fred.

Men så slår ho igjen.
I magen.
Eg sig saman.
Klarer ikkje puste.
Når eg dett, blir det heilt stilt.

Og i all stilla, medan eg prøver å få tilbake pusten,
tenker eg:
Dette har mor aldri gjort før.”

Dette er fyrste side i boka om Oda som har ei mor som slår. Kva kan eg seie? Det er vondt å lese om ei jente som saknar den mora som strauk ho over håret og kviskra fine ord, men som no slår. Det er vondt å lese om fortvilinga til Oda, mora si sjukdom og ein far som ikkje forstår. Men Oda har ein bestevenn, Milad, som og har opplevd fæle ting. Kanskje det er håp?

Og eg som forelder tenkjer med gru på alle tankar eg har hatt når eg har vært stuptrøtt og maset frå ungane så altfor mykje. Ikkje alle tankar trenger seiast, og enno viktigare, ikkje alt tankar må gjerast. Det er ALLTID den vaksne sin feil om noko vert gjort mot barn og unge som ikkje skal gjerast mot barn og unge. Den vaksne er nettopp det, vaksen, og skal ta dei rette vala.

Boka har korte setningar med mykje luft. Ho let deg pusta sjølv om historia er mørk og tung.

Tjønn har skreve fleire korte, såre bøker, som «Så vakker du er». Boka er utgitt på Flamme forlag, er på 112 sider, kan og lesas som ebok i Ebokbib og er med i årets tXt-aksjon. https://txt.no/bokliste-for-txt-aksjonen-2019-20/

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar