Søk i denne bloggen

lørdag 11. mai 2019

Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle

Woe to you, oh earth and sea
For the Devil sends the beast with wrath
Because he knows the time is short
Let him who hath understanding
Reckon the number of the beast
For it is a human number
Its number is six hundred and sixty six

Djupt inne i Storskogen, i nordenden av Storsjøen, ligg ei bygd så liten at ungdomskulen består av berre tre stykkjar: Irmelin, Alex, og Onu. Dei tre er saman mest for det ikkje er andre ungdommar der, sjølv om både Uno og Alex drøymer om Irmelin.

Så kjem Familien Korp til bygda i sine rare, grøne kler. Regine Korp byrjar på ungdomskulen. Ho er lita, stille og snakkar ikkje, skriv berre små beskjeder på engelsk. I den fyrste skuletimen hennar kjem Seamus frå det lokale Sagbruksmuseet og fortel om ei grotte i Storskogen tilknytt mange segn og mytar, gode og vonde. Det har vore pilegrimsferder hit lange tider. Men mange har og frykta grotta, ho har vorte kalla Djevelens hole og det seies ho inneheld ei svartebok med instruksar om korleis Djevelen sjølve kan hjelpast tilbake til jorda.
-       For Gud har aldri gløymt denne staden. Den er tvert om hans mareritt.
Irmelin, Alex og forteljaren, Onu bryt forbodet om å gå til hola. Kva dei finn der inne og kva konsekvensar det får? For å få vete det må du lese boka.

Til ei lita isolert bygd flyttar ein merkeleg familie med ei gravid mor og ein spådom at Djevelen skal kome tilbake. Det er skrekkfilm dette og det er ein god grøssar. Eg likar bruken av naturen, korleis det kjennes aude. Ingen kjem å hjelpar deg her, du må klare deg sjølve. Alle som har vore ute åleine i mørke langt frå folk vil kjenne att redsla:

Etter kvart blei stien så attgrodd at vi måtte brøyte oss fram. Motet mitt frå berre få minutt sidan var som blåse bort. Dei bladlause greinene fekta som veivande fingrar. Gjorde det vanskeleg å puste. Kvist og flis. Susande sveip. Tett. Skodde. Dryss av yr. Alt sausa saman.
            Vi bana oss vidare, stadig lengre inn i tettvaksen krattskog, gjekk og gjekk, føtene stampa mot grus og prikkregnet stakk, og greiner og buskas trengde seg mot oss frå alle kantar.”

Men det vert ikkje betre med folk rundt seg for heile bygda kjennes truande, folket som bur der opplevast merkelege. Du får ikkje ro, du kan ikkje stola på nokon. Kven er dei gode? Kven er dei vonde? Kan dette gå godt?

Eg tenkte på “The number of the beast” når eg las denne. No er denne songen trollgamal, men historia kjentes og gamal ut, ikkje utdatert, meir at den kunne vært sann. Frykter de djevelen? De bør dykk!

Boka er gitt ut av Samlaget. Ho er på 198 sider, du kan og lese ho som ebok i Ebokbib og er med i årets tXt-aksjon. https://txt.no/bokliste-for-txt-aksjonen-2019-20/

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar