Søk i denne bloggen

onsdag 13. januar 2021

Høgspenning Livsfare av Helene Gueråker

Du speler mange roller berre  ein dag. Du kan vere barn, sysken, elev, venn, kanskje kjæraste. Og du oppfører deg ikkje likt i de forskjellige situasjonane.  Men du får ikkje velgje alle roller, nokon vel degSom rolla som sjuk, då ser folk annleis på deg, og får du rolla som psykisk sjuk trekk folk seg vekk. Det gjeld og dei pårørande. Dette er ei bok om roller, både dei du vel, og dei du får. 


Lea har flytta frå garden til ein tettstad for å gå på vidaregåande. Ho er ei jente som trivs best utan dei store kjenslene, utan dei store faktene. Det er best når ho får gå i fred. No har ho byrja på drama (ja, du kan vere introvert og samtidig like å stå på scena!), men mest drama er der heime. For når ho kjem heim på besøk ligg mora. Det faren kallar migrene er noko meir, eit større mørke. Lea vert redd, redd for mora, redd seg sjølve, har ho det same mørke i segSå vert ho sint, for sinne og redsel heng saman. Kan mora ikkje berre ta seg saman? Kan ikkje faren gjere noko? Sei noko? Den fyrste hausten åleine på hybel blir tung. Så får ho nok av seg sjølv og sin bagasje. Ho vil ikkje lenger vere ei stille jente med tunge tankar. Ho finn opp Vilde. Vilde er ei jente som tek ordet, som seier frå, kjem med morosame kommentarar. Ho farger håret lilla, tek nase-piercing og snakkar med han guten på byggfag som har kasta lange blikk etter henne. 


Det går lenge godt. Men Lea finnes framleis inne i Vilde, og mor finneframleis der heime. Ikkje alt går godt. 

 

Eg kjenner så godt igjen Lea som nektar å grine når ting er vondt. Det er gamal lærdom, du grin ikkje. Men trur du ikkje eg grein når eg leste boka, både av mørke i ho, men og lyset.  Dette er ei fin bok om ting ein ikkje snakkar om. Les ho for å bli litt klokare på andre, og på deg sjølv. Dei korte kapitalane gjer boka grei å lese. 

 

Boka er gjeven ut på Samlaget, ho er på 212 sider. Du kan og lese ho på Allbokhttps://allbok.no/ 

Denne boka er komen til bibliotek, og til Allbok gjennom kulturrådet si innkjøpsordning for ny, norsk skjønnlitteratur for barn og unge. Det er ein viktig kjelde til bøker i norske folkebibliotek og skolebibliotek! 

 

Bjørn Veen 

Gjesdal folkebibliotek 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar