Søk i denne bloggen

mandag 25. januar 2021

Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

«Eg vil vere Synne. Ikkje Sinne»

Synne har ADHD, men det skal ingen vite om! På barneskulen vart det for mykje styr, for mykje merksemd, for mange kommentarar. Så får det berre vere at ho vert opplevd som dramatisk, og oppfarande, at det vert ein del turar til rektor. Ho skal ikkje sei det til nokon, og ikkje ha nokre medisinar! Men når problema tårnar seg opp hadde det kanskje vore greitt å kunne halde hodet kaldt?

For det skjer brått, fort og utan førevarsel: Forelskelse. Som ikkje Synne hadde nok å halde styr på. Fyrst har forelderene nett skilt seg, far fann seg ei ny, mor sørger og Synne og broren tykkjer det er vanskeleg med ein ny familiesituasjon. Så prøver den nye jenta i klasse, Kine - Insta-dronninga, å stele Torunn: Den beste, og einaste, venninna til Synne.  Skulen er vanskeleg og Synne har ikkje tid til å forelska seg i den nye guten, Johan. Men det gjer ho. Lite veit Synne at dette blir byrjinga på ei strid tid.

Dette er ei bok som mange kan kjenne seg att i. Ei bok om kvardagsproblem som tårnar seg opp. Ei bok om at ei løgn tek ei anna, og snart sit ein fast. Ei bok om å dumme seg ut, om kjærester og venninner, drite seg ut på fest, om dumme foreldre og dumme lærare, frekke jenter, kjekke gutar og tusen tankar i hovudet. Tida med Synne er morosam, du kan seie mykje om henne, men kjedeleg er ho ikkje.  

Korte setningar og god dialog gjer at historia glir lett av garde. Den er ikkje dum denne boka om du skal prøve deg på nynorsk. Harry Potter-fans vil kanskje like ho ekstra godt.

Boka er gitt ut av Samlaget og er på 202 sider. Du kan låne ho på som ebok på Allbok.

Boka er blant finalistene i årets "Ulest"- konkurranse: 

https://bookis.com/no/b/finalister-finale-arets-ulest


Bjørn Veen

Gjesdal folkebibliotek


3 kommentarer:

  1. Så kjekt å lese. Tusen takk! <3

    SvarSlett
  2. Eg må sei det nok ein gong: Det er verkeleg gjevt når forfattaren sjølve helser på. Takk for fin bok!

    SvarSlett
  3. Sjølv takk. Det er skikkeleg gjevt å finne omtale av boka mi på ein sånn fin blogg.

    SvarSlett