Å kome seg ut av heimen, å kome seg vekk, bli vaksen og stå på egne bein. Dette vert fortare viktig for jenter enn gutar. På bygda treng du då bil. Så yngre jenter finn eldre gutar. Det er andre grunner og, men uansett grunn til slike forhold er det ei kløft i den alderen, Den eine har meir erfaring med livet enn den andre, det kan kome skeivt ut, og då står ingenting støtt.
Sanne (ungdomsskulen) har funne Henrik ( 3. klasse vgs., og russ). Ho har funne friheit, og fart. Det går styggfort med dei. Gamle vener blir gløymde, varslar frå mora overser ho. Berre storebror Sindre når ho nå og da. Det meste handler om Henrik.
Når det berre er dei to er alt fint, då ser Henrik henne. Men på skulen vert ho meir usynleg for han. Så nærmar den store russefesten seg, ein fest med eit særs dårleg rykte for dei i 1. og 2. klasse som vil være med. Det er ikkje måte på kva dei let seg lura å gjere for å vere innanfor. Sanne har sjølv sagd at ho aldri skal gå dit. Men så vil Henrik, og Sanne er redd kva han kan finne på. Ho blir med syster til Henrik, Ida. Den kvelden vil brenne seg inn i både hennar, og alle som er der, sitt minne for alltid.
Ho er lettlesen, spanande og går godt når det er rett fram. Når det blir meir svingar, mister historia litt veggrep, men ho held seg på vegen.
Boka er på 140 lettlesne sider og er gitt ut på Gyldendal forlag. Ho kan og lesast som e-bok på Allbok. Ho er med i Foreningen !Les sin tXt-leseaksjon for 2022: Løyndom
Gjesdal folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar