Søk i denne bloggen

fredag 17. oktober 2025

Før det blir morgon av Aina Basso

14. april 1733. Josefa er 15 år og vert sendt over fjorden for å være tenestejente på storgard. Heime er dei for mange, no må ho sjølv klare seg. Eitt år er avtalen, før det kan ho ikkje dra. Men den førre tausa, Johanne, ho drog. Kvifor?

På garden er det, som i verda rundt, gode folk og dei som tenkjer mest på seg og sine ønskjer. Josefa opplever på stunda si på garden dei verste, men og dei beste side hjå menneske.

Ei bok som får deg til å tenkje på at verda har gått framover, men og at godt og vondt, det er tidlaust.
Og den scenen, med Josefa åleine i fjoset i stormen. Du veit det når du les det. Herrefred, det var sterkt. Den vil sitje lenge i meg den.

Etter å ha lese boka gjer bokomslaget meg frysingar ned ryggen. Det aller beste omslaget i år, faktisk på mange år! Fantastisk!

Boka er på 191 sider, den fins i Bookbites som ebok.
 
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar