Dette er tredje historia frå ei lita bygd på Sør-Vestlandet (Det er Bryne). Ei bygd som slit med sine unge, både rusbruk og valdshendelser. Ei bygd som ikkje snakker om vonde ting i fortida. Men fortida kjem alltid attende.
August er ny , men namnet hans høyrer til her. Mora vaks opp før ho vert teken av utferdstrong. Men no er alle andre bruer brent, og dei to søker heim. Dei har litt av kvart med seg i bagasjen, både i koffertane og det som dei bær inni seg.
I bygda
treff han fleire skakke sjeler, både ungdom o
g vaksne. Her er Per med sine
problem frå «Kvil i fred», Aman som Alexander frå «Aleksander den store» traff
då han og kom hit som ny. Og no kjem ein til ny framand ungdom med ei broket
fortid til bygda. August ser på folk som spelbrikker, han veit verdien av
løyndommar, og kor farlege dei er, for han bær sjølve på fleire. Det er duka
for ein ny runde med rus, vald og utanforskap. Kor gale går et denne gong?
Det er lågmælt
og realistisk om ganske store ting. Det blir fortalt, ikkje forklart. Det er
kanskje slik, at dei som veit, dei veit. Dei som har kjend på rusen si makt
eller på dei store kreftene i kroppen når makt vert brukt, dei treng kanskje
ikkje ei skildring. Men eg tykkjer det blir skrint, skrint med forklaringar,
med namn, med skildringar. Det er eit bart litterært landskap dette. Men temaet
er høgaktuelt og godt lagt fram.
Kva seier
så dei unge? På denboka.no kan ein lesa ungdommen sine eigne tanker om boktitlar,
dette seier dei om denne: Keisar Augustus | Foreningen les
Kvil i fred: https://ungdomsboka.blogspot.com/2023/04/kvil-i-fred-av-peter-f-strassegger.html
Aleksander den store: https://ungdomsboka.blogspot.com/2020/11/aleksander-den-store-av-peter-f.html
Gjesdal folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar