Søk i denne bloggen

torsdag 14. juni 2018

Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland

Fotball er ein god måte å bli kjent med folk. Om du er ny ein plass, som Kevin er, har du lyst å finne vener. Då hjelper det å vere god i fotball, som og Kevin er. Det byrjar bra, han klarer seg godt på trening og treff greie folk, men det er før garderobe, før han treff spelar nummer 12.

Lagets tolvte mann er publikum, det kjenner eg frå supportersongen til SK Brann:
Heia Brann Heia Brann
Kom og syng med alle mann
Heia Brann
Vi e lagets tolvte mann
Våre hjerter står i Brann
Men den tolvte spelaren, han som ikkje er på laget lenger, han som ingen vil seie noko om, kven er han?

Dette er ei bok som er lett å lese og vanskeleg å gløyme. Ho er ikkje lang og sidene har korte og få setningar. Det gjer at historia fyk av garde, sjølv for deg som ikkje har lese så mykje eller ikkje heilt får flyt på lesinga. Så kjem slutten og du kvepp. Serien heiter ikkje “Grøss og gru” for ingenting.

100 sider skummel spenning frå Samlaget. Boka finn du og som ebok i eBokBib. Boka er med i tXt-aksjonen 2018: Opprør.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar