Søk i denne bloggen

fredag 5. oktober 2018

Andromeda av Lars Mæhle

Det å vere gut, og mann, handlar enno om styrke. Styrke i både kropp og sinn. Me kan verte så moderne me berre vil som samfunn, så fredeleg som berre Noreg kan være, framleis vil styrke være høgstatus. Det å være sterk betyr og å vere frykta, og i den støypeskeia som er ungdomstida er skilje mellom respekt og frykt uklart. Jenter går heller ikkje klar. Dei tiltrekkast av den sterke som kan beskytte, men som den svake kan dei risikere å bli tvungen til noko dei ikkje vil. «Andromeda» handlar om styrke.

Simon, hovedpersonen, har kjent på styrke. Han er stor, sterk og har slost mye. Han har budd i to fosterheimar til no og veit han ikkje liker å bli bestemt over. Men han har òg lært at du ikkje kan slost deg ut av alle problem. Samfunnet aksepterer ikkje vold. Du har ikkje lenger same fordelen lenger å være størst og sterkast. Når historia byrjar er han sendt til sin tredje fosterfamilie, til ei bygd i ein bortgjømt dal etter ein episode som utarta seg. Pøolitiet seier at dette er hans tredje og siste sjanse før fengsel.

I bygda treff han nabojenta Kaja, skøyaren Ola på Segwayen sin, Lisa som alle gutane drømmer om, Samuel, William og Sindre, det trehoda trollet som terroriserer klassen og Pippin, hakkekyllingen i klassen. Klassemiljøet var ikkje hyggelig før Simon kom, men med han vert lunta tend. Det telles ned og alt eksploderer på 16. mai-festen. Bygda vert aldri som før!

Lars Mæhle har skrive betre om temaet i “Fuck off! I love you”. Her seies det mykje, men det kjennes ikkje på kroppen. Slagsmåla har ikkje nok adrenalin, kjærester har ikkje nok lyst, opprøret er ikkje heilt der. Og sjølve forteljinga inneheld ikkje noko nytt om ungdom. Heilt greitt, ikkje meir, ikkje mindre.

Eg fekk boka frå Samlaget no i haust. Ho er på 228 sider, og kommer som ebok og.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

1 kommentar: