Søk i denne bloggen

tirsdag 10. januar 2023

Terra Victori av Asbjørn Rydland

Tl;dr: Som CD Projekt Red sitt Cyberpunk 2077, før alle oppdateringane

Velkommen til framtida. Året er 2193. Verda har stått heilt på stupet, men har teke nokre skritt vekk frå kanten. Miljøet er verre enn i 2022, men me overlever. Den fyrste sjølvbevisste K.I. (kunstig intelligens (AI) har oppstått, og blitt nedkjempa. Menneske og maskin står litt nærmare i form av assistentar operert inn i kroppane våre som gjer oss smartare og betre. I denne verden er Ingrid frå Norge på veg til Istanbul for å møte sin onkel, som jobbar som arkeolog. Der er og Zeki, ein politisk opprørar som gjer dronejobbar for lokal sjef. Dei to vil snart kollidera. Dei vil begge miste nokon. Og ting vil ta av!

Cyberpunk, sjangeren, starta tidleg åtti-tall. Det var ein framtidsvisjon der framtida ikkje var lys. Skitne storbyar var heimen til dei fleste, store selskap, ikkje folkevalte regjeringar, styrte verda og alle var kopla til nettet.(Ja, vi er der no.). Det som var nytt var det å la framtida kjennas som her og nå, at fremtidsverda var litt brukt, både teknologien og dei som levde der. Og det får boken fram. Nytt her kjennas litt gammalt, boka er samstundes både gammalmodig og banebrytande.
Cyberpunk var og ein sjanger som henta mykje frå krim, særleg krim noir. Det tydar ein verden som er mindre svart/kvit og meir grått. Ingen verken heilt gode eller helt vonde, driftene overstyrer dygdene (det betyr at folk gjør meir det de har lyst til enn det de bør gjere). Eg skulle kanskje ønsket meg et litt meir hardkokt miljø, men da ville det kanskje ikkje lenger vært en ungdomsbok.

Har du spelt Cyberpunk 2077 eller sett Netflix-serien Cyberpunk: Edgerunner? Vel, begge er 18+, men uansett, dette er ein snillare utgåve. Men det vil fenge like mykje. Les fyrste kapittel, det gir eit godt inntrykk av verden og av historia. Det går frå skikkeleg bra action og atmosfæriske scener til litt keitete samtaler og haltande plott. Frå fjellhøgt til daldjupt. Nokre gonger glir dette saumlaust som strøyming over fiberbreibånd, andre gonger haltar er det som nedlasting av film via ISDN.

Boka er på nynorsk, ho er 319 sider lang. Du kan og lese ho som e-bok på Allbok. (https://allbok.no/)

Rydland har skreve gode fabelprosa-seriar før. Dei fantastiske bøkene om Drakeguten, og dei to gode portal-fantasiane i Vegandhi. Han er drivande god på handling og verdsbygging.
http://ungdomsboka.blogspot.com/2010/08/drageguten-av-asbjrn-rydland.html
http://ungdomsboka.blogspot.com/2016/12/vegandi-1-galderstjerna-av-asbjrn.html

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar