Mia er mellom noko. Ho har flytta frå bygda og byrja, og slutta, på vidaregåande skule i Oslo. No jobbar ho som barnehageassistent. I jobb føler ho seg vaksen, ho glir frå bestevenninna Karla som framleis går på skule. Ho får treff på Tinder med ein kjekk fyr, litt eldre, 10 +, men særs kjekk, og vaksen. Så, plutseleg, er dei sambuarar, og Mia svever.
Men snart viser sambuaren ei anna side, ei mørkare. Og slik vert forholdet, varmt og kaldt, og etter ei spesiell ekkel episode vil ho vekk. Men det er ikkje så lett. Då kan det vere greitt å ikkje heilt gje opp venninner.
Mellom denne historia får du små drypp, frå Mia si oppvekst som ikkje var grei og det kjem fram at ho lenge har skreve og framført dikt. Så om forholdet vert eit mareritt, finnes det og noko å drøyme om? Noko av det Mia har skreve kjem fram som små fine linjer her og der. Dei gjev luft, og med korte kapittel, er denne ganske lettlesen.
Gjesdal folkebibliotek