Søk i denne bloggen

mandag 20. juni 2011

Fisken av Erlend Loe


9. trinn på ungdomsskolen har hatt litteraturprosjekt og jeg har vært så heldig å få tilsendt utvalgte bokmeldinger. Så her kommer boktips for ungdom av ungdom.



Denne boka handlar om truck-føraren Kurt som er ein familiefar. Han er godt likt av alle inkludert sjefen sin, så han har det gøy på jobb. Og han finn ein fisk på kaia ein dag, etter han har jobba. Den tek han med seg heim og familien finn ut at dei skal på reise med denne fisken sidan den er så stor. Så derfor slutter Kurt og kona i jobbane sine, og reiser ut til sjøs med fisken og dei tre barna sine. Sidan fisken er så stor, seglar dei på den, så dei slett og betale fly og sånt. Samtidig som dei reiser rundt et dei litt av fisken til kvart måltid, så dei slepp å kjøpe mat. Først ville dei til Amerika, så då satt sei seg på fisken mot Amerika. Dei fekk det ikkje heilt til, så dei enda opp i Antarktis. Der var det veldig kaldt så dei forta seg vekk der i frå! Då satt dei kursen mot Amerika på ny. Denne gongen klarte dei det. Og dei kom fram til New York. Der var dei i nokon dagar, heilt til dei blei litt lei av New York. Då fant dei ut at dei skulle ta turen til Afrika. Der var det nesten for varmt. Dei blei ikkje der heller så lenge før dei blei lei. Så etter dei hadde vert i Afrika, reiste dei til Brasil. I Brasil syns dei det var ganske grei temperatur og vær. Der møtte dei ein mann. Han var veldig snill med Kurt sin familie så derfor inviterte dei han på middag til fisk. Dei sa han kunne ta med seg nokon vennar også viss han ville. Når kvelden kom og dei skulle få middags besøk. Kom brasilianaren, og han hadde med kjempe mange vennar! Det var sikkert 100 stykk av dei! Familien tenkte at dei hadde jo mykje fisk så då kunne vel alle få eit lite stykke. Å brasilianarane var nokon koselige folk heilt til dei gjorde noko drastisk. Faren til ein gut kom og sa til tynne-Helena, at ho måtte gifte seg med guten hans. Det ville ikkje Helena, så jo gjekk bort til Kurt og sa det. Det likte ikkje Kurt heller! Han blei sint på mannen og sa at det kom ikkje te å skje. Då sa brasilianaren at han var villig til å betale mykje for jenta. Då blei berre Kurt enda surare, og sa at det kom ikkje til å skje! Då blei alle brasilianarane sinte, og sprang etter Kurt og dei andre i familien. Då byrja Kurt å dei å springe mot fisken å tok den med seg ut på sjøen og segla heim igjen. Når dei kom heim gjekk alt som normalt igjen. Kurt og Anne-Lise byrja på jobb igjen, og alt var som vanlig.

Eg syns boka var ei heilt grei bok, den hadde litt sans av humor, og var ikkje så veldig vanskelig å lese heller.

Isabel

1 kommentar: