Søk i denne bloggen

tirsdag 30. januar 2018

Under - Søsteranarkistene 1 av Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag

Velkommen til ei verd gått av hengslene. Ei klaustrofobisk og undertrykkjande verd. På lik linje med jentene i produksjonshallane til Zeijang-Volvo veit vi ikkje når eller kvar vi er. Leiinga i SDK Zeijang-Volvo, med IngMor i spissen, styrer med ei jernhand. Vi møter:

Ela, som arbeider hardt i Grøn sektor, vert vekka midt på natta og skulda for kriminell aktivitet. Ho veit at alt ho gjorde var å bestikka
Sarin, som Ela vaks opp med på hàiziHemmet, barneheimen, og som no er lakei, fēngchéng, for leiinga. Alt Ela ville ha hjelp til frå Sarin var å besøkje
Sika, veslesøster hennar, som framleis bur på barneheimen og som ho ikkje har sett på to år. Det er veslesøstera og
Skåne, barndomsvenen, som er dei to Ela kan stole på. Men kan ho verkeleg stole på Skåne som no er i trening hos dei brutale volpane, vokterpolitifolk som dei som no dreg Ela til Raud sektor, ein stad jenter ikkje alltid kjem tilbake frå.

Det byrjar som alle ting i det små. Eit svik, ei straff og eit lite glimt av noko ho ikkje skulle ha sett. Ela kjem fram til at alt ikkje er som IngMor seier. Det ligg noko under heile verda dei kjenner. Ein løyndom. Så akselererer det fort og alle desse tidligare venene blir blanda inn i noko mykje, mykje større.

Ei bok med sterke jenter i hovudrollen og med mange mystiske og merkelege handlingar. Dyster og dystopisk byrjar ho rett på med mange nye ord, det gjer starten litt tung. Hugs ordlista bak, det gjer lesinga lettare. Boka lærer deg og å banne som en bryggesjauer på kinesisk. Dette er fyrste boka.

Sjå og høyr forfattarane les høgt frå boka: https://vimeo.com/241128397

Boka er gitt ut av Samlaget. Ho er på 251 sider. Eg fekk ho tilsendt frå forlaget, takk til dei for det.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar